Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
34
FRED
svarte Flekkir. Ut-i Bui høyrdest døyvt Staak; so
tunge, ustøde Stig; no kjem dei med ’n.
Den lange svarte Kista vart innböri av seks Mann
og sett paa Skamlane.
Loke vart avlyft. Eit Kvinnfolk tok Lik-Klæde burt
fraa Andlit og Hendar. Fleire vaaga seg burtaat Kista;
det høyrdest Mulling og Sukkar. Enok torde kje sjaa dit.
Var her Svaavel-Lukt? Det svimra for han. Han
trudde det maatte slaa Logar upp um Like, smaae gule
Kvervlar um Andlit og Haar . . . Han visste kje rett
av, fyrr Augo hans var burtved Kista. Der laag
Napolon.
Han saag ut som andre Lik. Innfallin og avfallin,
urimeleg lang; Handledine smale som Pipestylkir.
And-lite blaaflekkut; den store Nasen større enn fyrr, men
sterkt bøygd. I Andlite var korkje Rædsle eller Ro;
inkje var der; han saag styvin ut. Taapin, tankelaus;
laag der som inginting var. Enok lyfte paa seg og
vilde sjaa betre etter. Men i det same vart Like
yvi-breidt og Loke paasett. Godt at dei daude ikkje kunde
skrike . . .
Handfast duna Hamarslagi gjenom Huse med sin
serskilde tunge Ljod. Tvo brennande Ljos vart sette
paa Kista. Klokkaren, ein ung strak Kar i Ridestyvlar
og lang Overfrakke stelte seg upp ved Hovude av Like
med Hatten i den eine Handi og Salmeboki i den andre;
han var stram og høgtidsam. „I Jesu Namn."
So kom denne kjende Salmen paa Allehelgensdag,
som vart bruka i Likferdir so ofte, av di ho var so
ven. Tonen au var forunderleg: sorgsam og klagande,
men endaa so mild; trøysterik og trygg; søkjande Gud
i Bøn ; full av hugmjuk Tillit.
„O kjære Sjæl, frygt aldrig mer,
om alting surt i Verden ser,
og Herrens store Domme
for Syndens Skyld vil falde ind . . ."
Ute braka det og blés. Mot Vindaugo slog lange
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>