Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
33
Han gjekk som han var sjuk. Hadde Kalde-Ridir
og Sveittetak; Knei svikta under han; og ein Kveld
han stod nede i Kjellaren og gløymde seg sjølv i
Gruvling yvi si blodige Synd, vart det sagt i han so
tydeleg som han skulde høyrt det: „dette er det som
er Bespottelse imod Aanden."
–Ja; han vilde sjaa han Napolon Storbrekke no.
Han fekk det som ei Rid; reiv Klædi paa seg og
reid av Garde; ho Anna visste kje kva ho skulde tru.
Men det var daa vel godt at han kom ut og fekk
sjaa Folk.
Til Likferds kom han i siste Liten. Maten var
komin av Borde; berre Klokkaren sat att og aat; han
var nettupp komin. Gamle-Salomon, Far til Like, gjekk
uppaat han stundom og bad han forsyne seg. Det var
inginting aa sjaa paa Salomon; han var den han hadde
vori. Stakkars gamle Uvyrda; naar ikkje dette heller
kunde vekkje han . . .
Elles var det stilt i Stogo. Kyrkjestilt. Alle Hovud
bøygdest i tunge Tankar; ender og daa steig ein Sukk.
Ein tung, kvævin Daam stod gjenom Huse, Matlukt,
Liklukt, Eim av brent Lakk. Spegilen og alt som
kunde blenkje var paa vanleg Vis umbundi med kvit
Duk; yvi Dukane Kransar av Mellebærlauv.
Stogu-klokka var stansa. Kona hans Napolon sat med nokre
Kvende uti Stogukammerse; Enok tottest stundom
høyre Graat derifraa. Han hadde funni seg ein Sess
ved den nedre Bordenden; der sat han med Hovude
mot Handi og stirde. Dei vilde hava han uppaat
Borde og gjeva han Mat, men han neita stutt. Mat
vilde han ikkje hava; og her vilde han sitja. Um han
kannhende ikkje var frisk? — „Nei." — „Nei du ser
puskin ut, Enok!"
— Klokkaren var ferdug. Ein Mann kom inn med
tvo Skamlar som han sette paa Golve noko ifraa
kvar-andra; yvi Skamlane vart breidt eit Lakan. Enok kjende
seg tyngd og rædd; det susa for Øyro, og han saag
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>