Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1 94
FRED
Og um Arbeide i seg sjølv ikkje var gildt, som
naar dei laut røyte Skinn eller staa i Barkakjere, so
gjekk det alltid noko-so-nær naar Carolus var med;
for han fortalde Sogur eller fann paa Drøs, so Tidi
gjekk snøggare enn Von var. Ofte vart det Gunnar
som laut gjera det meste Arbeide; men det brydde
han seg mindre um.
Anna saag snart at Gunnar hadde fengi
Hjelpesmann i Matbui; til Slutt laut ho læse ned det meste.
Serleg Smøre laut ho gøyme, so det berre var att
litegrand aat dei tvo; daa hjelpte dei seg med det, og
Stuldine synte kje so mykje. Undrast Enok stundom
paa at det vart lite Smør i Aar, so skulda ho paa Høye;
det vart so utvaska og armt i slike regnfulle Sumrar,
sa ho. Enok riste paa Hovude; det var kje Høye som
gjorde det, men Guds Signing; her var vel kje nokon
som . . . var for lang paa Fingrane no? — „Nei eg
trur slettikkje det; eg hev havt Augo med baade
Carolus og Jorina; men dei er visst trugne nok paa den
Maaten." Anna var raud. „Ja Gudskjelov for det,"
sagde Enok.
Ymse Slag Forteljarløn laut Gunnar ut med; Carolus
fekk han til aa gjeva seg „Foræringar", eller bytte til
seg Eignalutir for Vas og Inginting. Soleis bytte
Gunnar burt Kniven sin for eit fint Penneskaft og eit
Papper med Jomfru Maria paa; det trega han hardt
sidan. Men verre vart det daa han kom til aa gjeva
Carolus ein av dei gamle Gullringane hennar Mor,
ein av deim som laag i Skatolklaffen. Daa vart han
rædd. Han kom graatande til Carolus og bad um aa
faa Ringen att; for elles maatte han segja det. Carolus
lo. „Du kann vita det var berre mitt Narri dette,"
sa han; „eg vil visst ikkje ha noko av deg, som du
ikkje kann gje meg med god Hug"; og Gunnar fekk
Ringen. Etter dette trudde han Carolus svært godt.
Dei var uti Skatole og saag paa den gamle Stasen ofte;
slike Ting var so vene, totte Carolus.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>