- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
93

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

93

maa me fyrst yvi Sjøen; og so upp Rinflodi mange
hundra Mil; so kjem me til Flandern og Burgundien,
og so til den romerske Keisaren; og so maa me
gje-nom Pavedøme, og so gjenom Tyrkelande."

„Der dei ét Mannakjøt?"

„Ja; men me skal gje os ut for Pilegrimar som vil
til den heilage Gravi; daa rører dei oss ikkje."

„Hu; eg vert visst rædd."

„Nei du tarv kje vera rædd; for dei hev daa so
mykje Samvit i seg, at dei drép kje anna enn Riddarar
og Krigsmennar."

Carolus spadde litegrand; men han var so burtkomin
i Draumane sine, at det vart lite av det.

–„Kunde me kje røma?" spurde Gunnar.

„Jau; ei myrk Natt, naar alle søv og ingin veit um
det, daa stend me upp og tek med oss det me treng,
Klæde og Mat og Gull og Sylv, og rømer Heiane
nedyvi til Sjøen."

Med ein Gong fekk Carolus det annvint og gav seg
til aa spada so Moldi flaug. „Far din kjem," kviskra
han; „driv paa . . .

„Ja men kven var det," heldt han fram svært høgt,
„som livde i firti Dagar og firti Nætar og ikkje fekk
Mat? kann du segja meg det daa? — — Aah! der
kjem han Far!" ropa han forundra med sit gladaste
Mæle.

„Ja De maa kje bli vond, Far," heldt han fram;
„men eg kom til aa bespyrja meg med han Gunnar i
Bibelhistoria, og det vart so gildt at me gløymde–"

„Eg fær hjelpa dykk," sa Enok stutt. „Alt til si
Tid, Carolus!" —

— Det hadde vorti likare for han Gunnar i fleire
Maatar no; Carolus var so glup til aa stelle med han
Far, at dei mest alltid fekk det som dei vilde. Det
vart gjerne so, at Gunnar og Carolus fekk vera saman
paa huglegare Arbeid, og at Maaking og anna slikt
leidt vart lempa yvi paa henne Jorina.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free