- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
110

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 110

FRED

„Hvad! Sa han fulle Folk! Tror han kanske jeg
er fuld? — Jeg!" — Olsen rette seg upp og vart stiv
som ein Stake. So tok han Hatten og Staven og
steig i Veg ut. „L’imbecile!" ropa han i Døri.

Dei saag kje meir til han. Men Morgonen etter
kom det Bod fraa han Per der nord etter Panken hans
og ei Ort og seks, som han skulde hava av Enok for
otte Dagar Skule.

Etter dette sat det som ein Agg i han Enok.

Han hadde synda. Vantruin og ulydig hadde han
vori Guds Vilje hadde han visst: at han skulde vera
Lærar sjølv i Huse sitt; og Hjelp til dette skulde han
faa; det hadde Gud lova han tydeleg. Men so hadde
han vorti utöleg. Det gjekk ikkje godt nok, og det
gjekk ikkje fort nok; han hadde for mykje anna aa
gjera. For denne hans Tvil og Vantru hadde Gud no
teki Hjelpi si fraa han, so det vart som han trudde, at
han ikkje greidde det. Det var som med Petrus, daa
han gjekk paa Vatne; han sokk so snart han tvila.
Men Enok hadde kje som Petrus vendt seg til Herren ;
han hadde vendt seg til Olsen.

Og „forbandet er den Mand, som forlader sig paa
Mennesker og holder Kjød for sin Arm!" Ikkje berre
med Vantru hadde han synda; Uppreist hadde han gjort.
Og so braadt som det var komi! so reint uforvarande!
Han hadde kje visst av nokon Ting; tottest staa i
Naaden som fyrr; og med ein Gong laag han der; hadde
gjort den verste Syndi eit Guds Barn kunde gjera.

Di meir han tenkte, di større vart Syndi; og ei
Rædsle tok han, so han misste sin Fred. Og no kom
Straffi. Huglaus og kald vanka han um; han misste
sin Barnefrihug; halvrædd og uhüga gjekk han til Ord
og Bøn; der var kje Hjelp i noko no, av di Gud
heldt sin Naade burte. Verdslege Sorgir og Tankar
fekk meir og meir Magt med han; og han tenkte med
Fælske paa, kor lett Spel Sattan vilde hava med han,

1 Ort 6 Skill. = 1 Kr.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0120.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free