Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
um han fekk gange paa no. Det var Dagar daa han
kjende seg so naadetom og kald, at han mest kunde
tenkje Live var utsløkt; det einaste han hadde var
Lengten etter Gud, ein veik, uroleg Lengt som ein
litin bivrande Gneiste. Det var Trui; han visste det;
men ho var so kraftlaus at der ingi Trøyst var i ho,
og ingi Trygd; og Bøni hans var so arm, at ho knapt
kunde naa upp for Truna og for Lambe.
XVI.
Det hadde vorti lite Høy i Aar; dei laut hjelpe seg
med ymse Slag til Kreturi.
Raunbork var god; dei gamle Raunane i Hagen fall ein
for ein, so det sistpaa berre stod att eit Par av dei
eldste, den med Skjorereire i, og so ein som mest var
ut-gjengin. Det vart underleg audt og snaudt. Endaa
godt, meinte Anna, so lengi den gamle Selja fekk staa.
Enok vilde helst ha hoggi den au, daa det „fylgde
Ovtru med ho"; Far hans hadde haldi ho for eit
Lykke-tre. Men so var det det, at ho livde eit Grand for
Nordvesten.
— Dei sat ein Dag og skava Bork; so kom Salomon
Storbrekke køyrande med han Legda-Lars. Anna sukka;
no skulde dei hava den Ufysa aa dragast med att.
Av alt det Skrape som flakka um paa Legd no, var
Lars Rotteholen den verste.
Rein Tulling var han, halvt Barn og halvt Dyr;
kunde kje tala reint dessmeir, endaa han var firti Aar
gamall. Gange kunde han kje heller skikkeleg; stabba
seg fram med Stav som* ein Gamling, og riste og skalv
i sitt slaskutte Hold. Ufysin var han aa sjaa paa au,
graafeit i Andlite og sveitt, med ein dauv dyrevorin
Smil og smaae, blakke Faaming-augo. Men det verste
var at han var so skamlaus; reint stygt var det aa
hava han i Huse naar der var Born. Ho Anna hadde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>