- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
115

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

125 FRED

naar han vil; han skal kje finna meg i noko som eg
ikkje kann forsvara."

„Du maa kje snakka soleis. Alle vore Gjerningar
er som et besmittet Klædebon . . ."

„Nei gu um dei det er," svara Salomon; „eg held
mine Gjerningar gjæve, eg; og um Vaarherre er streng,
so er han daa kje nokon Skrivar heller. Var det meir?"

„Gud er ein fortærande Eld —• —!"

„Gud er som me vil ha han, Farr. Vil du plent
ha deg slik ein Skarprettar, so kann det henda han
vert deg deretter! — Men Gjerningane dine kann du
gjerne skjemmast av; her gjeng du og tek Live av
Kona di og dreg Huse fullt av Fant; det er som eg
segjer: du skulde ha vori paa Daarekista for lengi
sidan; og kanskje du kjem der au. Ja Farvel daa, og
Takk for i Dag! Farvel, Anna; du hev alltid vori ei
grei Kona du; eg hev vondt av deg." Salomon gjekk.

— Men dei siste Ordi hans hadde biti seg fast i
han Enok.

Han tok til aa sjaa paa Kona si, der ho gjekk og
stræva og stelte, og det var sant: ho saag skral ut.
Skulde det vera Raad —; brydde Gud seg ikkje um
Bønine hans; kunde han i dette au ha misteki seg paa
Guds Vilje?

Andre urolege Spursmaal kom. Desse „Jesusborni"
. . . kor mykje tru Vaarherre brydde seg um deim?
Var det kannhende au sjølvbedin Dyrknad, som Herren
vilde forkaste? Han hadde komi yvi Gunnar og Jorina
naar dei var aaleine og skulde arbeide; og kva hadde
han kje høyrt? Jorina stod og fortalde Huldresegnir
for Guten! — planta inn i han gamal Ovtru og Lygn,
og lærde han upp i den verste Heidingskap!

Og Carolus, var han betre tru? — Han var nok
mjuk og snild og lét svært vel, so lengi han var ein
under Augo; men kva var det aa byggje paa; denne lette,
falske Fantetunga — —. At Gunnar i seinare Tid
gjerne heldt Lag med han spaadde inkje godt; Enok

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free