- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
187

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

187

ei etter ei; der var fem store og tri Theskeiir. So
tok han upp Skatolklaffen; han fann fram til det vesle
Rome inst inne, der ho Anna hadde Sylvstasen sin;
underleg nok var det Rome læst. Men det gjorde
kje noko.

Han hugsa den Laasgreida; so mang ein Gong hadde
Gunnar og han i gamle Dagar leika seg her. Og av
Olaves Didriksen hadde han sidan fengi Rettleiding i
den Kunsten aa „brekke" eit Laas. Han prikka med
Tolekniven litegrand; knikk, knakk! Der gjekk det.
„Det er nok som han Olaves segjer: eg hev Sjenie,"
mylte han for seg sjølv.

Han tok alt han fann, eit Hodevandshus av Sylv;
ein stor gamall Sylv-armring; ein Gullring med ein
Stein i; ein stor Spiralring av Gull; ei svær
gamall-dags Sylvkjede; han kjende det att alt og var mest
kløkt: aa de kjære Barndoms Dagar! Tulla so det
han hadde funni inn i Halsduken sin og stakk det i
Kuftelümma. Paa Buaveggen ved Kammersdøri hekk
det Klædningar; han gjorde nokre Tak der upp og tok
med seg det han kunde bera.

Og so ut. Kasta Klædi ned til Far sin; sette Glase
inn att; kraup ned; fekk Skorne paa seg; so sette dei
Stigen burt og gjekk.

Carolus kunde mest ikkje styre seg. Han var so
glad; hoppa, dansa, lo, stupa Kraake, knipte Far sin
i Bakenden; han hadde gjort Meistarstykke sitt! Gamlen
talde for ’n. Men det nytta kje stort. Daa dei var
komne langt nok burt fraa Husi, skifte dei Klæde.

Carolus var som galin heile Tidi. Slengde paa
Skjemt Far sin i Marki; lo, hoppa, bar seg; spela
Lensmannen, som kom og vilde setja deim; tok so
denne uppdikta Lensmannen og skamslog han :

„Ja dero skal le Isingar gule og blaa,
naar Tjuroen og Tjaknia byrjar aa gaa" . . .

dero: du. — le; faa. — Ising: Klædning (her um Hudi).
— Tjuro: Kniv. — Tjakni: Svipu (Slagsmaalsvaapen).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0197.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free