- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
190

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

190

FRED

„Det vil vera meg ei smal Sak, Tjeia mi!"

„Og vert du fakka, so negtar du."

„Det nyttar Fa’n aa negta; disse Klædi me gaar i . . ."

„Til Helvites. Sjaa og kom deg avstad!"

Carolus snudde sig til Kona i Huse, som stod der
so kvit som Krit og berre skalv: „gakk ut, mi snilde
Kona, og seg til Lensmannen, at det han leitar etter
stend innanfor Gangdøri. Og so skal du segja at Kona
mi her, ho er utanfor alt; ho veit inginting. Gløym
ikkje det, snilde Kona mi!"

Kona drog seg ut.

Carolus spende Knivbelte um seg og gjekk etter.
Daa han kom ut i den ytre Døri, baud Lensmannen
han stana der; men Carolus heldt fram. Bøndane kom
og vilde taka paa han ; i aet same gjorde han eit Byks
og drog Tölekniven. „Er det nokon som hev Hug,
so kom!"

Dei kvakk og stogga.

I same Rappe sette Carolus paa Sprang burtetter
mot Fjell-Urdi vest av Garden; daa Bøndane kom til
seg att, var han eit heilt Steinkast burte. Dei etter;
men det nytta kje stort; Bøndane var tunge og Fanten
lett; snart sat han gøymd uppi ei Holu i Bergurdi mest
beint uppyvi Hovude paa Bøndane.

Der stod dei daa i Snøen og glodde med sine Børsur
og gamle rustne Sablar og visste kje kva dei skulde
finne paa.

Fleire og fleire Bøndar kom til; mest alle hadde
Vaapn. Um ei Stund var Flokken so stor, at dei
kunde slaa Manngard um Urdi og stengje Fanten inne.
Carolus skyna dette. Og han saag, at daa vilde han
vera lurd; for koma til Fjells paa denne Leidi var
raadlaust.

Sümt av det dei sagde kunde han høyre i den stille,
frostklaare Morgonen. „Dei hev vel fast Tak paa
Kjeringi?" var det ein, som sagde. „Ja," svara det;

Tjeia: Gjente.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0200.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free