Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
191
„ho gjorde no baade ylte og beit; men no sit ho der
og fliper." — „Stakkars Katrinemor."
Det var nok det beste aa gjeva seg likevel. Drog
dei av med Katrine, so vilde han helst vera med; ein
greidde seg betre tvo enn ein i slike Tilfelle.
Mildare Straff vart det au, naar ein trast gav seg
yvi. Han kraup fram or Gøymsle sitt og ned til
Lensmannen. Sette upp sitt audmjuke Andlit og sagde, at
han vilde kje skiljast fraa Kona si. „De tarv kje brüka
Magt. Eg skal fylgja godviljugt."
Glad var Lensmannen.
Og Fanten og han fylgdest til Gards, Side um Side.
Etter fylgde Bondeflokken med Børsur og Sablar som
ei Ærevakt. —
— Um Kvelden sat Carolus og Katrine i
Lensmannsarresten.
Dei sat i kvar sitt Kot under full Vakt. Dei kunde
ikkje so mykje som banke i Veggen til kvarandre.
Carolus vart so underleg sorgmild. Mangt og mykje
hadde han aa tenkje paa no. Du Verdi; her sat han
fanga og sett og var Tjuv; aldri hadde han daa tenkt,
at slikt skulde hende.
Og so var det han Far, Stakkar. Gud veit kvar han
vanka no. Kannhende var han au fakka. Gud hjelpe
oss so sant; det var vondt for ein Son aa tenkje paa,
at Far hans skulde koma uppi slikt paa sine gamle
Dagar.
Men det fekk no vera med alt som det kunde; verst
var det aa tenkje paa Katrine.
Han skulde visst gjera det som stod i hans Magt
til aa faa henne fri. Og kor som gjekk, so vart det
no for henne ikkje meir enn lite Vatn og Brød for
Heling. Men anten det gjekk so eller so, — skiljast
laut dei.
Han kunde visst faa baade eit og tvo Aar. Og kvar
tok han Katrine att, naar han ein Gong kom ut fraa
den Sorgens Bolig ?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>