- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
222

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

222

FRED

Utrygt her. Stilt, stilt reiste Enok seg av Benken.
Lurde seg framum Borde; so Stig for Stig nedetter
mot Døri. Dei nappa etter han; nappa etter han, men
rømde naar han saag kvast paa deim. Hyss. Stilt lét
han upp Døri. Smaug ut; lét att.

Stiltra seg ut i Kjøken. So ut Bakdøri. Daa den
var att, tottest han vera trygg. „No sit dei der. No
sit dei der."

Men der var graae Mennar her au. Han sprang
attum Kjerrehusveggen og gøymde seg. Stod og kikka;
jau, der kom dei. Fleire og fleire. Stille og lette
som Skuggar. Han tok Foten fat. Yvi Gjerde; ned
gjenom Vest-Ækra. Lenger og lenger ut; heilt til
Aarvollen. Men endaa fylgde dei.

Fleire og fleire. Ein heil Flokk rædde graae
Tuslingar. Naar han stana, so stod dei; naar han gjekk,
so gjekk dei. Han lika kje denne Luringi. Kva vilde
dei han? — sette til Sprangs. Ned gjenom Marki;
heilt ned aat Aai; fylgde Aakanten nedyvi og nedyvi.
Kvar Gong han saag att-ende, var dei komne nærare.
Styggety. Og fleire og fleire vart dei; ein heil Ring
av graae Mennar. Dei vilde kringsetja han. Han
sprang og sprang.

Eit stort Vatn stansa han. Og no kom dei fraa alle
Leidir; hit etter Strendane; hit ifraa Heiane. Og
nærare og nærare. Tett inntil ’n. Og nappa, nappa.
Han fikta og sparka; med ein Gong saag han ein fælt
høg ein som hadde Horn.

Augo sveiv rundt i Hausen hans; ein stygg Laat
braut seg fram; han gjorde eit unaturleg høgt Hopp
— beint ut i Vatne.

Eit svært, tungt Plask. Tvo, tri sterke Baaredrag
slog inn mot Strandsteinane med sukkande Skvaling. Han
kom ikkje uppatt meir. Evja maatte ha sogi ’n i seg. —

— Sunnanvinden strauk yvi Vatne med sin linde
Sus. Og det sutla og skvala, koseleg og smaatt ; sutla,
skvala . . . sutla, skvala . . .

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0232.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free