- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
233

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN.

233

med han Paal; d’er alt utan Maal og Maate. Men
so var eg sløg og tok han med meg heim til Eide, eg;
og daa du fekk han i dine Garn - (smiler).

Helga. Vas. - (Gløymer seg liksom burt; med halvt attletne Augo;

mullar.) Ja d e n Gongen . . . heldt han av meg.

Jens. Kva segjer du?

Helga. Inginting. — Men no vil du hava meir Kaffi.

Jens. Ja Takk; han var god. — (Smiler.) Eg er
Kaffi-kjering som alle Maalstrævarar.

Helga (ved Omnen; Skienker upp).–Nei; Var eg SO

trygg for han i alle andre Maatar–

Jens. Aa, du kann vera trygg for det andre au. Han
tek det braadt, han Paal; men Hovude hans er godt,
og Teologien sin kann han, — so han tullar seg ikkje
so lett burt; det var annan Skil med Far hans.

Han vinn seg nok yvi, skal du sjaa. Eg undrast
paa, um denne Ridi han no hev fengi, ikkje likso godt
kann vera — Krisis? Vendingi?

Helga (djup sukk). Gjev det var so vel!

Jens. Er det fire Aar det hev haldi paa no?

Helga. Fem. Me hadde vori forlova eit snaudt
halvt Aar den Gongen.

Jens. Ja du hugsar det vel du, Stakkar. Slog han
kje upp med deg?

Helga. Jau; han gjorde i Grunnen det. Det skulde
vera . . . Synd aa gifte seg.

Jens (iær). Ja d’er so likt han.

— Men sjaa um det ikkje gav seg med det?

Helga (smiler). Jau; med ein Gong fekk han det so
reint braadt att, — paa den andre Kanten.

Jens. Ja soleis er han.

Denne Lesarsjuken hev eg i Grunnen alltid visst
han maatte vinne yvi. Eg vart reint glad daa du
fortalde meg um denne nye Ridi hans, — so rart det
kann sjaa ut. Naar det varer so lengi, so maa det ha
noko paa seg.

Helga (jamrar). Aa, eg er so uroleg, Jens. Alltid naar

16 — Garborg. IV.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0243.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free