Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
235
Helga (kaldt). Aa; du hev raaka ’n.
Evelinde. Eg raaka han hjaa Syster Johanna.
Helga (som fyrr). Det er rimelegt. — Var det noko?
(Jens stirer uroleg paa Helga.)
Evelinde. Han hev tilsagt Møte til i Kveld.
Jens Og Helga (ser paa kvarandre). Aa -?
Evelinde. Og han bad meg helse deg. at du skulde
vera roleg og glad; Gud vil jamne det for oss, sa han.
Helga. Var han . . . fornøgd?
Evelinde. Han var so glad. Gud hev lati ei ny
Sol gaa upp yvi meg, sa han; no fyrst er eg fri!
Jens (ser paa Helga). Kven veit?
Evelinde (tu He\ ga). Resten vil han fortelja deg sjølv;
han vilde skunde seg heim, sa han. De hev han
snart, tenkjer eg; eg vart heft so lengi hjaa Syster
Johanna, — som nok snart fær sleppe heim.
Helga (stutt). Jaso. — Ja Takk for Bode. Skal Møte
vera her?
Evelinde. Det skal so. — Farvel; Guds Fred yvi
Huse. (Gjeng.)
Helga. God Kveld.
Jens. Hm ! — Det var Evelinde.
Ja som sagt, Helga; lat oss halde oss med Mod.
Det høyrest ikkje so ille, dette. God Dag so lengi;
eg gjeng burtum Grannen no med same ; skal vera her
att um ein halv Times Tid. (Gjeng.)
Helga (stend litegrand; kastar seg so fram-yvi Borde i sterk Graat).
Aa Gud gjeve det var so vel! — Aa Gud gjeve–
det var SO vel! (Samler seg. Tek Kaffedisken og gjeng ’med ;den ut
Kommersdøri. Strakst etter inn att.)
Tabitha (ei reint ung Gjente, sped og bleik med store, urolege Augo,
stikk Hovude inn). Er her Bod fraa Læraren?
Helga (stutt). Ja.
Tabitha. Vert det Møte?
Helga. Ja.
Tabitha. Gud vere Lov og Takk. — Her?
Helga. Ja.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>