Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
236
LÆRAREN
Tabitha. Gud vere Lov og Tak. (ut.)
(Helga set seg til att med Saumen. Sig burt i Tankar.
Køyredur vert høyrd utanfyri. Helga skvett glad upp. Samlar Saumen og
ber ut i Kammerse.
Litegrand etter kjem Paulus Hdve inn. Det er ein Mann paa upp-imot
tredive, ljos, tettbygd, sterk, med rask Ferd; Andlite godslegdjervt; han ser glad
ut og er i stort Føykje.)
Paulus (ropar). Helga!
(Gjeng att og fram; hev lite Ventetdl.)
Helga (snøgt inn, med liksom eit nytt, gladare Andlit). VelkOITlin,
Paal! — No kjem Kaffien strakst.
Paulus. Du, no skal dei faa høyre Sanningi.
Helga. Kven.
Paulus. Farisæarane! Lesarane! Heile Bøie!
Helga (vaagar ikkje aa tru). Lesarane ?
Paulus (att og fram). Sanningi, ja. Eg skal lekste upp
for deim. Dei skal faa høyre noko dei aldri hev høyrt
fyrr: Jesu Kristi Evangelium!
(Braadt.) Eg hev vori ein Farisæar, Helga.
Helga (utrygg). Du?
Paulus. Den verste av deim alle. Ein Farisæar,
ein Ljugar, ein Sattans Apostel; men Gud hev vori god;
aa, uendeleg -; aa, Helga–(braadglad; tek henne um
Live og svingar henne rundt.) Eg er fri Mann, Helga!
Helga (forfjamsa, uroieg-giad). Naa daa, Paal; er du rusk?
Paulus. Fri Mann! Kann du forstaa —! Aa langtifraa.
Inkje noko Menneskje forstend. Det gjeng yvi alt Vit.
Det er ein Rikdom! eit Ljos! Verdi er ny! Og eg er
ny! Alt er nytt, — nytt, Helga!
(Gjenta kjem med Kaffl.)
Helga. Dette maa du forklaare meg, Paal. Eg treng
Tid eg, veit du. — (viser tii Borde.) Set deg fram-aat —
Paulus. Enn eg daa! Hev eg kje gjengi her i
desse Aari i ein Trældom verre enn den verste
Synde-trældom? Og Orde hadde eg, men inginting forstod.
(Set seg aat Borde.)
Og beint imot Guds klaare Ord var eg i all Ting;
og vilde ikkje forstaa. Kjende det godt, men vilde ikkje!
Og innbilte meg, at eg var frigjord fraa Verdi og Syndi.
Alt til dess det kom, det med Evelinde.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>