Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
238
LÆRAREN
Paulus (fornøgd). Jens Eide? Det var gildt! Min
gamle amicissimus! — Ja han vil eg gjerne tala med.
Eg fær Bruk for Lensmann au no snart. Kor er han ?
Helga. Han kjem snart. Han gjekk berre eit Ærend
burtum Grannen.
Paulus. Det er godt. — Men eg maa fortelja deg
dette. -— Eg vart so rædd som eg aldri hev vori fyrr;
—- ja du saag korleis eg gjekk her stundom, myrk og
morsk som eg skulde ha drepi Folk, og uppe halve
heile Nætane. Og so gjekk eg til Presten.
Helga. Aa ja; — her fyri Jol.
Paulus. Ja. Til gamle snilde Provasten, som eg hev
skjellt ut so mang ein Gong i Lygjepreik^ne mine.
Men han var meir til Mann enn eg visste um, og
meir til Kristin med; me er alltid so snare til aa døme,
me Farisæarar. No tykkjer eg reint det er leidt at han
er reist fraa oss.
Helga. Kva sa han?
Paulus. Han tok imot meg som ein Far, gjorde han;
og um eg ikkje hadde trutt paa Kristindomen hans, so
kom han endaa til aa segja meg det Orde som førde
meg inn paa ny Veg. „Tenk paa Far din," sa han.
Helga (uroleg). Aa —; han meinte daa ikkje —
Paulus. Han meinte eg var paa same Vegen som
han Far, stakkar.
Men so fortalde han meg um Far min. Og daa fekk
eg vita Ting som eg aldri hev visst; — stakkars snilde
Mor mi tagde helst um dette, som rimelegt maatte vera.
— Du; Far min var ein merkeleg Mann.
Helga. Han meinte det visst godt —
Paulus. Ein merkeleg Mann. Ja han sa det, Meier
au. Ei veldig, kristeleg Kraft; kunde ha gjort Storverk,
um me hadde visst aa nytte han ut, sa Meier. „Og
hadde eg," sa han, „vori den eg burde vori, so hadde
eg sagt: ja, sel alt ditt Gods og gjev det til dei fatige;
det skulde eg sagt," sa Meier, „daa han kom til meg
so kvidefull og spurde, korleis han skulde forstaa dette
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>