- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
240

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

240

LÆRAREN

Jens. Nei du hadde vorti so heilag, Paal; og me
Juristen sind bøse Christen, veit du. (smiler.)
Paulus. Ja det er sant som det er sagt.

(Jens set seg.)

Og vil du no drygje og høyre paa meg i Kveld, so
tenkjer eg du vert endaa meir rædd meg. For no er
eg heilag, Jens! Fyrr var eg berre Farisæar.

Jens (ser paa hon). Hm. Eg fær høyre paa deg i
Kveld daa.

Paulus. Og so maa eg tala med Lensmann Eide
ein Dag; for eg vil selja Garden min.
Jens (forstøkt; reiser seg). Kva Fanden er no det?
Paulus. Ja Helga veit det kje enno, so me skal
ikkje nemne det i Kveld.

Jens (aalvorsam; mest skarp). Eg trur ikkje heller det er verdt.
Eg tenkjer du kjem til aa sova paa det litegrand, eg.

— (Gjeng att og fram.) Du! — Ein rein Mynsterbonde!
Helga (med umpa). Aa! Velkomin att, Jens.

Paulus (ser paa Klokka). Naa; so mange. Du fær beda
han Ola setja inn Benkir, Helga, naar det lid paa litegrand.
Helga. Skal det vera her inne i Kveld?
Paulus. Ja; dei skal merke at det er noko nytt;

— ein Daglegstogukristindom og ingin Stasstogu- eller
Kantorkristindom lenger.

Helga. Men du er kje forsynt enno, Paulus; set
deg inn-aat att; Jens tek seg au ein Kopp til.

Jens (att og fram). Nei Takk; 110 hev eg drukki fire
Koppar paa ein Times Tid; drakk eg ein til, fekk eg
Nerveslag.

Paulus. Tak ut Maten, Helga. Eg hev anna aa
tenkje paa no.

(Helga rister paa Hovudet, tek Disken og gjeng.)

Jens (stanar). Du Paal, høyr her.
Paulus. Ja men skunda deg; det er so mykje eg
maa faa sagt.

Jens. Du meinte kje noko med det du sa her i Stnd.
Paulus. Det fær du snart sjaa, Lensmann.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0250.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free