- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
241

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN.

241

Jens. Vil du til Amerika daa?

Paulus. Eg vil ingin Stad. Eg vil vera der eg er,
og vera Arbeidsmann. Og Prest! For no hev eg Kalle.

JenS (stirer stivt paa han). Og Pengane for Garden?

Paulus. Pengane gjev eg til dei fatige.

(Jens stend maallaus og stirer.)

Paulus. Trur du eg er galin ?

Jens (stutt). Eg veit kje kva eg skal tru.

Paulus (smiler) Ja eg er galin — for alle dykk
Vis-mennar. — Det er sandt: er du Fritenkjar enno?

Jens (uroleg att og fram). D’er eg visst.

(Stanar.) Du, høyr no, Paal. Eg vil tala beintfram med
deg. Du hev Tankar med dette. Eg veit at dei
moderate vil ha deg til Storthingsmann.

Paulus (lær). Det slepp dei, naar eg gjer meg til Fant!

Jens. Aa, du greider alltid til Røysteretten. Og med
den Folkeyndest du vinn, naar du med denne store
Gaava lettar Fatigbyrdine for Sokni —

Paulus. Nei; eg vert rein Fant, Jens. Berre so vidt
eg hev til Livemaaten vil eg tena. Meste Tidi fer eg
um og talar Gudsord, eller hjelper mine Fatigfolk.

Jens. Kva vil du hjelpe deim med, naar du ingin
Ting eig?

Paulus. Med Arbeid. Eg er Jordarbeidar, og eit
Grand Skomakar, og litegrand Snikkar . . . (Smiler.) Og
so vil eg tigge aat deim.

Jens. Du maa Dø og Pine agte deg, Paal. Dette-her
er den ville Sverming.

Paulus (smiler). Eg hev aldri vori so roleg og klaar.

Jens (tek til aa gaa a»). Du hev ein Bakveg endaa, Farr.
Du veit Helga gjeng aldri med paa dette; ho krev si
Helvt av Pengane, og — —

Paulus (stilt). Helga hev eg ofra. Eg veit ho gjeng
fraa meg no.

Jens (stanar; mullar). Det — var det daa.

Paulus. Men Gud vil upplvse henne og gje meg
henne att.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0251.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free