- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
249

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN.

249

ANDRE VENDING

Dagen etter.

„Kontore". Eit Rom bygt paa same Maaten som det i fyrste
Vending.

Paa høgre Sida av Døri i Bakgrunnen ein høg Ileggjaromn;
i Kraai innanfyri Torvkasse. Paa høgre Veggen eit stort
brun-maala Bokskaap med grønt Forheng. Hitanfor det Dør; hitanfor
den eit gamalt brunt Skatol; ovanum dette Bilæte (Steinprent og
Treskurd). — Paa vinstre Veggen tvo Vindaugo; framfyri deim
eit noko stort Skrivebord. Ingin Veggbenk. Ved Vindaugo og
Borde gamle høgryggja Stolar; midt for Borde ein Armstol.

Døri i Bakgrunnen gjeng upp.

Gurina kjem inn, rødande; etter henne Carolus Magnus,
ein Midalders Mann, svarthærd og brun, høg og lang, med rundt
stridt Skjegg; Klædi noko for stutte — som laante. Paa Halsen
hev han eit Ullskjerv.

Gurina. Han er upp-hjaa Johanna, og Kona kviler;
men her er varmt; du fær sitja her so lengi. (Legg meir i.)

Carolus (skugrar og gnid Hendane). Ja her er godt. Du
er snild du, Gurina; tusund Takk skal du ha.

Gurina (gjeng att). Svært for ein Kalde det hev sett
i med i Dag.

Carolus (med Lesarfaktir og Mæle). Aa ja; men me fær
bera det Herren sender oss. (Ho ut.)

(Carolus stend ved Omnen; gnid Hendane; skjek seg. Murrar.)

Ja slik hev dei det. Hæh.

(Gjeng burtaat Skatole, prøver um det er læst. Gjeng aat Omnen att.)

Hæh. No er der vel ny Sylvstas.

(Gjeng aat Bokhylla. Tek ut Bøkar og ser paa Titelen. Kvekk og slepper ei
Bok i Golve, daa han høyrer Døri gjeng.)

Tabitha (inn. Bleik og stirande). Guds Fred.

Carolus (er Lesar att). Guds Fred, Tabitha. Korleis
læt Herren deg faa ha det?

Tabitha. Takk godt

Carolus. Ja, Herren er god med oss, Tabitha. Du
var vel paa Møte i Gaarkveld?

Tabitha (SOm fyrr). Eg høyrde Læraren.

Carolus. Han var vel god som vanleg, den kjære
Læraren vaar?

17 — Garbore, IV.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0259.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free