- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
248

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

248

LÆRAREN

underlagt; inginting kann skada deg; alt maa tena deg;
du er i Jesus Herre yvi alle Herrar og Konge yvi alle
Kongar; du hev vunni Verdi ved aa ofre ho; og fyrst
og fremst hev du vunni deg sjølv. Dette er den store
Løyndom. Men ingin Ting vinn du, naar du ikkje fyrst
hev ofra alt, og ofra det heilt; vil du liva og regjere
med Kristus, so maa du fyrst døy med han. (Daudstilt.)

Og dei krev han so: at alt vaart Liv sidan er
full-komi; at me held Guds Lov, i Gjerning og i Hjarta!
— Kann du ikkje? — Trur du ikkje du kann det som
Jesus byd deg? — Men so trur du ikkje paa Jesus;
og kva vil du daa i hans Rike? (Ein Rykk; so stilt.)

Kann du ikkje? Eg svarer deg i Jesu Namn: du vil
ikkje! Alltid naar me ikkje vil, finn me ut at me ikkje
kann. Og med denne Lygni hev me dikta Kristindomen
ut or Verdi! — Og kalla so sjølve denne Lygni vaar
Kristindom! Sandeleg, det skal gaa Tyrus og Sidon
tollegare paa Domedag enn oss.

Kann du ikkje, so vil du ikkje; og gakk so heim til
Verdi att og søk di Trøyst der; for inn i Guds Rike
slepp du ikkje! For den Vegen er smal og den Porten
er trong som fører dit inn; og dei som skal koma inn,
maa trengje seg inn med Magt, — med heile sin
brennande Hug, med all sin heitaste Vilje. Spotta ikkje!
for dette er meir aalvorsamt enn det du fyrr kalla
Kristindom! Men lat deg heller ikkje skræme! forden
som sette Krave, han gjev og Krafti.

Tabitha (skrik i siuk Eldhug). Sælt er det Liv som bar
deg, og dei Brjosti som du saug!

(Rsdsle. Folk reiser seg.)

Paulus (ser kvast paa henne). Før henne ut. Ho er fraa seg.

(Aalmenn Uro. Svstrane flokkar seg um henne.)

(Duken (ell snogt.)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0258.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free