Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
256
LÆRAREN
Jens (gjeng att og fram). Du, denne Carolus’en din er meg
ei god Type. (Lær.) „Upplysning!"
Paulus. Han ligg paa Ryggen og les baade Dag og
Natt. Han hev lesi ut heile Aalmugebiblioteke.
Jens. Aalmugebiblioteke, ja. Javisst. Veit du kva
han Far sa? God Vilje og lite Vit. — Rusk og Rask
fraa alle Kantar, Skillingsmagazin, Folkeven, Lesefruktir,
„Jules Verne", laust og fast um kvartanna, det skal
denne stakkars „Aalmugen" gaa og raske i seg,
liksom Strutsen magalegg Smaastein og Kamelinyk og
gamle Negerknokar. — Hugsar du Far min?
Paulus. Javisst hugsar eg han. Det var ein klok
Mann det, so gamall han var.
Jens. Klok! — Ja. Dei talar um Kulturmennar;
han var ein Kulturmann.
Paulus. Ja han hadde eit merkeleg fint Lag. Eg
lagde iser Merke til kor godt han kunde samtala.
Jens (smiler). Conversere, heiter det.
Paulus. Det var so greidt og sikkert alt hjaa han.
Og slik roleg, gjenomtenkt Livsvisdom. Ein raakar
ikkje mange slike no. Han .Tore Bror din er elles
noko av same Slage; men honom kom eg burt fraa i
desse mine lange Trældoms Aar. (Haivt for seg.) Um me
kannhende no kunde finnast?
Jens. Ja det kunde du hava godt av. Han Tore er
nok galin paa sin Maate; alt det han tenar med si
Timbring og Snikkring, det gjev han burt; men han
kastar det daa ikkje reint ut i Ver og Vind som du vil
gjera; han hjelper Ætti si med det.
Paulus. Ja me hev han Tore mykje aa fyri takke,
baade du og eg. Men kva var det du vilde segja um
Far din?
Jens. Kann du forstaa kvar ein gamall Bondemann
som han Far kunde hava slik Kultur fraa?
Paulus. Han hadde det i Arv.
Jens. Ja; der er det. D’er det. som skil millom
Far og Carolus: han var runnin av gamal Kultur-Rot
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>