Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
266
LÆRAREN
Paulus. Veit du kva den same Paulus segjer trast
etterpaa? Han segjer: „eg syndar ikkje, men Syndi
som bur i meg!" Forstend du det, Per?
Lars. „Hvo som ser paa en Kvinde —"
Paulus. — „til aa lyste etter henne", ja! So snart
du læt Tankane bli til Lyst, til Vilje i deg, Per, so
syndar du.
Lars. Kjære deg Paulus, du er so fus i Ord; men
du veit godt at me er skrøpelege.
Paulus. Naar me er skrøpelege med Vilje, so
syndar me. Men den som syndar, — „han hev aldri
set honom og aldri kjent honom!"
Per. Alle Guds Mennar hev vori skrøpelege! Sjaa
David! Sjaa Petrus! (tii Lars.) Han er rivande galin.
Paulus. „Den som segjer, at han vert verande i
Kristus, han er og skyldig til aa fara soleis fram som
han for fram." Og kjem du uviljande til aa gjera
noko vondt, Per, so skal du gjera det godt att, og
helst meir enn godt att; gjer du kje det, so kunde
du liggje paa dine Kne til Domedag og beda um
Tilgjeving ; det vilde inkje nytte deg.
Lars (bøniegt). Før ikkje lett Tale, Paulus. Du veit, at
me ikkje berre syndar, men at me all igjenom er Synd ;
ja at endaa vaare beste Gjerningar er som eit besmittet
Klædebon.
Paulus. Skal det kunna hende, at ein Mann som
vil vera kristin skuldar Jesus for lett Tale? — Jesu
eigne Ord er det eg legg fram, og Ord av hans
næraste Apostlar. Og Gud skal vita at eg ikkje fer
med Fjas no. Det er eit Aalvor so tungt, at eg skjelv
under det. „Den som segjer at han kjenner honom,
og ikkje held hans Bod, han er ein Ljugar, og
Sanningi er ikkje i honom!" Og „synda me med Vilje,
etter at me hev fengi Kanning paa Sanningi, so stend
ikkje meir noko Offer att fyri Syndir"; — inkje noko
Offer, Lars!
Lars (reiser seg. Skjelvande). Tenk deg UIT), Paulus, for
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>