Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
267
Jesu Kristi Skuld. Du vil daa ikkje vera visare enn
heile Kyrkja, som gjenom alle Tidir hev avlagt
Vitne-maal um Syndi og Naturens Vanart; og du er daa
ikkje so formasteleg, at du innbiller deg ... aa vera
syndefri.
Paulus (hieik). „Ver fullkomne, liksom Faderen i
Himilen er fullkomin!"
Per (tii Lars). Treng me meir Vitnemaal?
Paulus. Sjaa deg ikkje um etter det som er bak
deg, Per; frisk og glad skal du gaa fram i Guds
Kraft og gjera det gode! Det skal din Hug vera fyllt
med, og ikkje med Tankar um kor syndig du er; for
med slike Tankar eggjar du Syndi paa deg. Gjeng det
ein Dag daa du ikkje hev gjort noko godt, um det
so berre var aa gjeva ein av desse minste ein Drykk
Vatn, eller aa segja eit godt Ord til ein heimlaus og
vénalaus, — gjeng det ein Dag daa du ikkje gjorde
noko Menneskje ei Glede eller ei Hjelp, — den Dagen
er spillt for deg, Per; den Dagen var du ikkje Jesu
Fylgjesvein.
Per (tii Lars). Han lærer Gjerningar. Vil du høyre
paa ’n meir?
Paulus. De talar um Synd imot Anden; men det
er Synd imot Anden: aa synde med Vilje etter at me
er frelste! Det er det, Hebræarbreve kallar aa traa ned
Guds Son, vanvyrde Blode til Pakti og svivyrde
Naadens Ande! Agte dykk, de Farisæarar! De som
heller vil gaa i all dykkar Tid aa syte yvi Syndi enn
de vil sleppe henne, de som finn paa ein sjølvbedin
Dyrknad og dermed lurer dykk ifraa det som Meistaren
krev, de som nemner Jesu Namn, men ikkje trur han
paa hans Ord; — ein hardare Dom skal det gaa yvi
dykk enn yvi alle Fornegtarar.
Per (uppost tii Lars). D’er som eg segjer. Han er
fallin. Han er Fritenkjar. Han fornegtar sjølve Trui.
Paulus (som hev vorti meir og meir aalvorsam og varm). Trui er
den Kraft som yvivinn Verdi; men dykkar Tru, yvi-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>