- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
269

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN.

269

Paulus (heid fram). „Usæle de Farisæarar, de
Skrym-tarar! at de eta upp Husi for Enkjur og for ei Syn
Skuld halda lange Bønir; for dette skal de faa
strengare Dom!" „Og no, de rike! graate og barme dykk
for den Usæla som skal koma paa dykker! Sjaa, den
Løni som de hava forhaldi Arbeidaren, ho ropar, og
Rope fraa Skurdfolke er komi inn for Herren Sebaots
Øyro —"

(Per puffar Tore til Sides og gjer Veg; dei skundar seg ut.)

Paulus (ropar etter deim). Farvel! gjev me maatte finnast
ein Gong i ei betre Stund!

Per (utanfyri). Agta deg sjølv, Paal Enokson Hove!

Tore Eide (tii Paulus). Du var hard med han
Tolv-gards-Per no.

Paulus. Det gjer meg vondt for han gamle Lars.
Han er ein god Mann. Men eg trur, Gud vil gjeva
meg han att.

Tore. Du skal elles agte deg, Paal; du er noko
braa av deg. Er det som han Jens no hev fortalt meg,
so kjem du nok til aa faa finne, at Jesu Tru enno er
Verdi ei Avstyggjing.

Paulus. Eg vil vone det, hadde eg nær sagt; for
elles var det nok ikkje Jesu Tru.

Tore. Dei vil liggje etter deg paa alle Maatar.

Paulus (smiler). Ja eg tykjest alt merke det paa Bror
din der, Lensmannen; eg trur nok han sette meg fast,
um han kunde!

Jens. Ja det gjorde eg gladeleg. (Dei andre lær.) Ja du
hev ei Skruve laus, Paal, — eller ein Nagle altfor
hardt driv in, kannhende.

Tore (stiit). Eg høyrer du vil selja Hove.

Paulus. Det er mitt Offer.

Tore (varm, mest høgtidsam). Eg hadde ikkje venta aa
faa liva den Dagen, at eg skulde faa sjaa Jesu Aand
vakne millom oss. Eg er reint — eg er baade glad
og rædd. Skal Rike koma snart; og er kanskje du
ein av deim som skal rydja Herren Veg, Paulus?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0279.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free