- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
270

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

270

LÆRAREN

Jens. Stopp! — Han er galin nok fyrr, han der;
det er meg du skal hjelpe, Tore.

Tore (alvorsam).; Eg hev sagt deg det, Jens: i
Sam-vitssakir blandar eg meg ikkje.

Jens (med Akseidrag). „Berr er brorlaus Bak"–-

Tore (tu Paulus). Ein Mann som kann gjera det du no
hev gjort og vil gjera, ventar eg mykje av. Berre du
ikkje kjem burti noko, so dei fær Tak paa deg.

Jens. Kann du stydja han i slik Aatferd. Tore?
Kann du finne det rimelegt, kann du - (leitar etter Ord.)

Tore (smiler). Nei rimelegt er det ikkje. Det er ein
svært urimeleg Ting, Paal. Og du fær mykje aa
etter-tenkje.

Jens. Verst er det for Helga. Eg veit reint ut
ikkje korleis eg skal faa sagt henne det som eg lova
deg, Paal.

Tore (hugfaiiin; ser ned). Nei Helga, Stakkar. Dette vil
ho ikkje lett forstaa.

Paulus. Det vert det tyngste.

Tore. Ja; og helst i denne Tid.

Jens (ser paa Tore). Kor daa? — Er der noko sers?

Tore. Ja — ?

Paulus (uroleg). Ho ser noko trøytt ut; men — —

Tore. Du veit daa, at du kann vente deg ein litin
Odelsmann paa Garden, Paulus?

Paulus (stirer; reiser seg halvt). Du Segjer kje Sant!

Jens (reiser seg fornøgd). Naah! Han kjem til Lags!

Tore. Jau det er daa visst nok, veit eg?

Paulus (Gjer som eit Hopp; straalar upp yver heile Andlite). Nei

men — nei men — (ropar høgt) er det sant? — Og eg
som trudde Gud vilde straffe meg for–. Aa —!

(til Tore, tek han i Aksline og rister han.) Nei men Segjer du
sant Tore? (rundt ikring.) Aa nei, aa nei; at Gud vilde
gjera meg so glad! Eg maa inn! eg maa inn! Aa
du Helga, du Helga! Nei dette —!! (ut i sprang.)

Tore (ser uroleg paa Jens). Men dette trudde eg daa
han — —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0280.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free