- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
272

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

272

LÆRAREN

Jens. Naar han fær sova paa det til Hausten, og
du held deg strid, so — skal me sjaa. Og paa fyrste
Ord læt eg Kaupe gaa um att.

Helga. Og d’er kje lenger imillom ... eg kann
sjaa ut til han kvar Dag — og han innum meg
kanskje . . .

Jens. Ja; og i alle Tilfelle krev du di Helvt av
Pengane og set fast — til den vesle.

Helga. Ja det gjer eg. Det kann han ve! ikkje

negte ?

Jens. Han hev lagt alt det i mi Hand; han vil eg
skal gjera alt som du vil, — berre det ikkje kjem honom
til godes.

Helga. Stakkar; han er snild. Men so rar —

Tore. Men dersom det no skulde vera noko i det
at Per Aase vil kaupe Garden —

Jens. Per Aase kauper ingin Gard som han ikkje
fær for halv Pris. Naar du vil hjelpe meg, Tore, so
skal eg alltid bjode yvi honom.

Helga. Ja du maa det, Jens.

Tore (smiler). Eg hjelper deg so langt eg rekk, veit
du; men yvi 10,000 —

Jens. Per gjeng aldri so høgt. Men det kann koma
andre; og i det Tilfelle («i Hei ga) fær du flytja til meg
paa Aase.

Helga (sukkar). Du er so snild. De er so snilde.

Tore (smiler). Godt Folk held paa Ætti! — (tu jens.)
Men du skal ikkje blande deg for mykje i det som
Paulus hev millom seg og Vaarherre, Jens; du veit
— det kann gaa gali, naar ein Mann kjem i Ugreide
med seg sjølv um kva som rett er.

Jens (dreg paa oksii). Eg skal ikkje føre han uti noko
gali.

— Ja; so fær eg ut og hjelpe deim daa. — Eg
liter paa at du tek det vitugt, Helga; me skal stelle
det so godt me kann.

(Tek Lensmannshuva og gjeng )

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0282.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free