Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
275
Helga (grandande; halvt for seg sjølv). Kauper Per, - -
og eg maa fly tja til Aase, — — so vert det langt
imillom oss.
Tore (smiler). Ja men kjære deg, for den stutte
Tidi–
Helga (stilt klynkande). Aa du veit kje kor lang ein
Sumar kann vera du.
(Braadt). Men det heldt eg nok ut.
Tore. Ja; kva er det elles?
Helga (stirande). Nei inginting.
Tore (ser paa henne). Du er nok veik enno. Kanskje
det er best du legg deg innpaa att?
Helga. Ikkje enno; ikkje enno.
— Du, er det kje rart at han kann taka dette so
rolegt, du? — Han tykkjer visst ikkje det er det Grand
rart aa skiljast fraa meg so lengi.
Tore (lær). Svært lengi, ja!
No skal du kje vera urimeleg, Helga. Det er tunge
Ting for Paulus dette, skal du hugse paa, og eit stort
Andsvar for han aa bera, baade for deg og det vesle
som kjem; so han hev visst so mykje aa tenkje paa
som han med det gode klarar; no skal kje du leggje
Stein paa Byrdi.
Helga (med ein Gong angerfull). Det hev han visst. Det hev
han visst, stakkars Mann! —- Og eg, som er saa utölleg.
(i sine eigne Tankar att.) Naar berre eg visste, — naar
berre eg visste . . .
— Du, — var det kje rart at han kunde segja det
stygge —? At han hadde ofra meg?
Gurina (hev under siste Setningen stukki Hovude inn gjenom Døri i
Bakgrunnen. Naar Helga sluttar, segjer ho). Det er ein SOm Spyrr
etter Lensmannen.
Tore. Er dei kje i Kantore, so er dei paa Laaven,
(Gurina ut.)
Helga (stirer; grundar). Andre attum ?
Paulus (kjem stilt inn. Til Helga; tek henne i Handi) Naa, kor
gjeng det? Du held deg uppe?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>