- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
274

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

274

LÆRAREN

Helga. Det visste han daa so godt at eg ikkje vilde.

Tore. Det var kje godt for han aa vita nokon Ting
no, Helga, — slik ein urimeleg Ting som dette var.
(Smiler.) Du er daa ikkje van med aa liva paa
Hus-mannsvilkaar!

(Ser paa henne.) Du er daa vel ikkje innpaa desse
gamle Tulletankane dine att, veit eg?

Helga (snøgg; raud). Nei, nei; det var berre i
Fyrst-ningi det; fyrr eg kjende ’n.

Tore. Du maa daa hava set so vidt mykje no, at du
ikkje–

Helga. Ja han hev vori so snild og god med meg
i denne Tidi, og serleg no daa eg var sjuk, at eg
aldri kann det utsegja. (Braagiad.) Aldri hev eg vori so
glad og so trygg som no!

Tore. Nei; eg skulde tru.

Helga. Og so mykje annarleis han hev vorti i det
heile; reint som ein annan Mann; han er mest no som
han var i den fyrste Tidi me kjende han.

Tore. Han hev gjort seg fri no, lagt fraa seg alt
utanpaahengt og tilgjort, og er seg sjølv; berre meir
fullvaksin.

Helga (m yrka re att). Men det kom so forunderleg yvi
meg dette ... at han vilde rive heile Huse sitt so
reint upp med Roti. Kann du forstaa at han skal vera
nøydd til aa gjera slikt, — han meir enn andre?

Tore (aaivorsam). Det er hans Offer dette, som han
segjer. Gud krev kje det same av alle.

(Stutt Togn.)

Helga. Ja me kann vel vera trygge for denne
Per Aase.

Tore. Ja; gjeng han yvi 10,000 Kronur, so —.
Daa maatte det staa andre attum.

Helga (slær Augo vidt upp). Kven skulde det vera?

Tore. Nei eg veit ikkje; det maatte vera dei vakte
kanskje, som kunde vilja hava som eit Auga yvi Paulus.
(Helga rister paa Hovude) Men ikkje at eg trur det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0284.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free