Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
277
Tore. De er kanskje snart ferduge der ute no?
Paulus. Det lid med kvart.
Ja d’er reint stygt, so mykje me hev av alle Slags
Gods; eg maa heile Tidi tenkje paa ein annan, som
ikkje hadde det han kunde halle sitt Hovud til.
(tii Helga.) Ja Gudskjelov, Helga, at du ber dette so
staut. Du er ei Stasgjente, Helga! Og det endaa du
ikkje er frisk. (Tek henne stilt inn til seg.) Men ho tenkjer
nok mindre paa Garden enn paa Mannen sin, ho!
Tore. Helga greider det nok.
(Vil gaa.)
Jens Eide (kjern inn). Ja no er me ferduge.
Paulus (sukkar uviljande). So fær me gaa i Veg daa,
Lensmann.
Jens. Enno er det Tid, Paal!
Paulus. Nei, Jens.
Jens. Tid til aa stanse det heile. Skal Farsgarden
din gaa under Hamaren?
Paulus. Ikkje pin meg lenger, Jens. Min Veg ligg
for meg.
Aldri hev eg kjent som no, kor fastgrodd eg er til
denne Flekken Jord. Det er paa Tidi at eg løyser
meg. Gjer heller Pina so kort du kann, Jens.
Tore. Trur du ikkje likso snart Vaarherre vil, at
me skal vekse fast til den Staden der han sette oss, Paal?
Paulus. Eg er vaksin altfor fast. (Klagande.) Med
Magt, med Magt maa eg rive meg laus, skal eg koma meg
fri og bli heilt hans Mann, som kalla meg. Gud gjeve
det var yvistadi!
Jens. Og trur du Son din vil takke deg naar han
vert stor, for at du gjorde ’n odelslaus?
Paulus (tek seg til Haare; retter seg att). Lat UpprOpe byrja,
Lensmann.
Jens (dreg paa Aksline og gjeng mot Døri. Stanar og snur seg). Me
tek vel Lausøyra fyrst.
Paulus. Gjer som du vil med alt.
(Jens gjeng. Tore fylgjer.)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>