Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN
291
Paulus (nikkar aalvorsam. Ura eit Bil). Kven byd?
Tore. Jens og ein Framand, — og so Per Aase.
(set seg.)
Paulus. Gjev det var yvistadi.
Tore. Det gjeng fort. Dei vil nok ha Garden alle.
— — Det verste er, at — Per Aase — dersom han
fær Tilslage — —
Paulus (uroleg). Naa?
Tore. Han skal vilja flytja hit og bu her.
Paulus (upp). Det kann kje vera sant.
Tore. Eg tala med Kona hans, som og er paa
Auktionen ; ho kom til aa forsnakke seg litegrand.
Paulus. Bu her? — Rare Grannar fekk eg daa.
Carolus Magnus paa den eine Sida, og Per Aase paa
den andre.
Tore. Og Per Aase til Jorddrott; det var verst.
Paulus. Stakkars Helga.
Tore. Du skal bli prøvd paa alle Maatar, er det likt
til. — Men er det so, — so forstend du det vel?
Paulus. Nei.
Tore. Dei vil gjæte deg, — og arbeide imot deg,
og elte og erte og eggje deg og faa deg til aa forlaupe
deg. Varleg, varleg, Paulus!
Paulus. Er Gud med meg, so kann ingin vera imot
meg. Men stakkars Helga.
(Uroleg.) Du Tore, eg held ikkje ut dette; du maa ut
og høyre kor det gjeng.
Tore. Dei er i Kantore. Naar me set upp Døri,
høyrer me deim. (Læt uPP.)
(Paulus gjeng burtaat Dori; dei vert standande der, studde kvar til sin
Dørkarm, og lyder. Gangen og so langt ein kann sjaa inn i Bui er stappa med
Folk, alle lydande stille.)
Jens £ide (utanfyri). — 9 900. D’er rett; lat Setlane
rulle. 9 900. Naa Per? Det gjeng til dei fatige;
hugsa det! (Laatt.) 9 900. Tvo Flugur med ein Smekk.
God Gard og Himilrike attpaa. 9 900.
Eit Mæle (knapt høyrande). - Og femti.
Jens. 9 950; det hjelpte. (Laatt.) 9 950. Aa kløyv
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>