- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
290

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

290

LÆRAREN

Per Aase (ropar). D’er kje mange her som er med paa
det! Alle ser, at han Paulus er vitug nok til aa styre
med sitt, og daa visst ikkje galnare enn han Salomon
Storbrekke!

(Laatt.)

Salomon. Han Tolvgardsper saag nok gjerne at me
gav fraa oss Gardane alle ihop, so han fekk eta i seg
heile Bygdi! (Meir Laatt.) Han mettast nok ikkje han, fyrr
han fær Munnen full av Mold. (samtykke.); Ja kva segjer
du Lensmann?

Jens. Var det kje anna du vilde, Salomon, so kann
eg fortelja deg, at det hev eg tala med Helga um
sjølv — for lengi sidan.

Salomon (noko fiat). Aa; hev ho kje meir Vit, ho Helga
heller?

(Ut. Jens og dei andre etter.)

Paulus (smiler). Hm; eg fær nok til aa agte meg for
min gamle Vén Jens au no.

Tore (rister paa Hovude). Der er nok ikkje Brorskap i
Kortspel.

(Gjeng.)

Paulus (sig trøytt ned paa ein stol). Du strenge, du gode,
du kjære Herre!

(Det bankar inne i Kammerse.)

Paulus (skundar seg aat Kammersdøri; opnar). Kor gjeng det,

Helga? Her vart slikt eit Staak; eg kunde kje hindre
det . . .

Helga (innanfyri). Gjev meg noko Opium. (Skrik.) Eg
maa sova!

Paulus. I Guds Namn daa . . . (Gjeng aat det vesle Vegg-

skaape; læser upp, finn Flaska og gjeng ut. Ein høyrer han innanfyri.)

Aa, det er fælt dette ... at alt skal gaa verst
ut-yvi deg. — — So. — — No fær du sova. Slaa deg
no godt til Ro. — Faarlegt? Nei, Barne mitt; du
fekk plent etter Uppskrifti. (Mildt.) Sov no godt og trygt.
Eg er der inne heile Tidi.

(Kjem inn. Læt Døri stilt att. Gøymer Flaska og læser. Gjeng og set seg.)

Tore Eide (straks etter inn). No heng Hove under Hamaren.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0300.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free