Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN
293
klem i, Sørbue. 14 000. D’er for lite enno. 14 000?
14 000? — Siste Gong: fjortan tusund Kronur?
(Hamaren feil.)
Tore (rister paa Hovude og læt att Dori.) Der fær du ein
hyggjeleg Jorddrott, Paal.
Paulus (sig ned i Armstolen.) Stakkars Helga.
(Duken feil.)
FJORDE VENDING
Fjortan Dagar seinare.
Fyrimiddag. Stogo fraa andre Vending, men umbudd.
Bokhylla, Skatole, Skriveborde, Stolane o. s. fr. er ute; i Staden er
innsett ei Seng, ein Sengebenk (i Omnskraai), eit gamalt
Klaffebord, grove, raudmaala Trestolar o. m. Der ser ustelt og ufjelgt ut.
Per Aase, arbeidsklædd (gamall bøtt graa Vadmaalsbrok,
Ulltrøye, Sydvest, Tresko) kjem inn fraa Kammerse med
Ferda-klædi sine paa Armen. Legg desse varleg fraa seg paa ein
Stol ved Omnen; set seg paa Sengebenken og tek til aa skifte
Klæde.
Ei CldrC KonC (med Skureforklæde og Ermane uppbrette, kjem inn
fraa Bakgrunnen). Han Fante-Carolus er ute og vil høve
deg. Skal eg segja du er inne?
Per Aase (dreg Ulltroya yvi Hovude. Naar Andlite kjem fram att).
Han Fante-Carolus? — Eg hev kje noko usnakka med
han Fante-Carolus. — Du kann berre helse og segja,
at han kann gjera seg ferdug til aa fly tja naarsomhelst.
Eg hev nok med ein . . . Husmann der ute. (Murrar.)
Og han skal vel au snart med Guds Hjelp–
Kona (laagmæit). Ja d’er mange som vert fegne naar
Carolus kjem burt; me hev lengi nok gjengi her i
Otte for Tjuvefanten. (ser seg ikring.) Var det kje her
han braut seg inn og stal Sylv ein Gong for mange
Aar sidan?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>