- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
299

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN

299

Maren Doktar (er komi inn under det siste). Goddag. Ja syng
du enno, Paulus.

Paulus. Aa, er det Maren. — Ja skulde eg kje
syngje, Maren? D’er so lengi sidan eg prøvde
Skomakar-visa no ; eg tykte eg laut friske paa ho. (Tek eit Centrums-

bor og ti! aa bore.)

Maren. Du er nok like kry enno du, midt paa
Hus-mannsheidi.

Paulus. Eg hev aldri vori so kry som no, Maren.

Maren. Ja segjer du det. Ja ein Hardhaus er du.
Fram skal det, um det so skal gaa baklengjes, naar du
finn paa noko.

Paulus. D’er ingin som hev det friare enn me
Fantane, skulde eg tru!

Maren. Haa, haa, haa; nei, nei; paa ein Maate.
(Ser seg ikring.) Men at du vilde ha denne gamle
Lurve-hytta hans Torkjell Tualand; hadde det kje vori betre
aa bygt nytt?

Paulus. Eg likar det som gamalt er, eg. Du skal
sjaa kor heimtrivlegt her vert, naar alt vert ferdugt.

Maren. Ja du er deg sjølv i alt, du Paulus.

— Du hadde vori ned-hjaa meg i Dagmorgo, høyrde
eg; men eg skal segja deg, eg hev vori ute med
Iglane mine, og tappa fem Pottur Blod av han
Unge-Solomon Storbrekke; eg kunde kje koma fyrr. Elles
skulde eg ha vori upp-hjaa deg for lengi sidan, og takka
deg for at du var so greid og vølte Take paa
Skarve-hytta mi; det var eit Mandoms Verk det, Paulus; no
er det daa so mykje eg kann liggje turr um Nætane!

Paulus. Sjaa der, Maren, um ikkje eit Heilagtryne
au kann vera god for eitkvart stundom.

Maren (biæs veidigt). Pøhh; du bryr deg vel ikkje um
det Tøyse eg for og slarva med hin Gongen i Vinter;
denne stygge Fante-Carolus hadde drukki meg full og
øst meg upp; og daa er eg so grov i Kjeften at det
er spelegt. — Men du kann tru han fekk baka Nasane
sine, Fanten au, etterpaa; splite min Hatt reidde eg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0309.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free