Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
300
LÆRAREN
han kje so av, at det fanst kje att ein ærlig Flekk paa
han, korkje bak eller framme. Lusetryne! Og daa
han so vart mjuk, og kom smiskande og vilde gjera
seg blid att, so berre viste eg han den, eg (snur seg halvt
og gjev seg ein Dask bak) og spurde um han vilde kysse meg
der; det tenkte eg kunde vera godt nok aat Fanten.
Paulus. Naa; du skal ikkje vera so reint morsk.
Maren; det kann bli Folk av Fant og.
Maren. Ja vert det Folk av han Carolus, so kann
du hengje meg upp etter den eine Bakfoten midt paa
breidaste Braffetorgi; Gu kann du so; no banna eg au.
Ja var det noko du vilde meg?
Paulus. Eg vil ha deg til Tenestgjente, Maren.
(Ho glor paa han.)
Du skal stelle Huse for meg her, til dess eg fær
Kona mi til meg att; og er det so du kjem til Lags
med henne au, so vil eg ha deg lenger. Noko Løn
vert det ikkje; men ein Matbite fær du ender og daa;
og kann eg elles gjera deg ei Beine, med Arbeid i
Onnetidir eller so — —
Maren (smeller i aa læ). Haa, haa, haa! nei no maatte
eg smile, sa han Per Graps, han lo Kjeften or Led!
haa! haa! haa! haa! Slikt eit gamalt Braffebeist som
eg er!
Paulus (innlystig). Lær du aat det, Maren?
Maren. Gu gjer eg so! Haa, haa, haa; nei du er
daa den verste Galningen. — Haa, haa, haa, haa! —
(aalvorsam.) Ja hadde det vori i mine unge Dagar!
Paulus. Aa du er Gjente enno du, for den Skuld.
Maren. Gu er eg so! Med tri Ungar og seks Aar
paa Tukthuse! — eg er nok so fin ei Gjente som
Brureslaatt kann gaa for! (Sukkar.) Aa ja, ja, ja. — (Rettar
seg att.) Nei du skal kje gjera Narr av eit gamalt Skinn,
Paulus; d’er Synd, det.
Paulus. Du kjenner meg ikkje, naar du trur eg
gjer Narr, Maren. Eg er mest utlærd Prest, eg.
Maren. Ja kom du so langt?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>