- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
311

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN

311

slike som deg; og ho fær vel stundom høyre eitt og
anna.

Paulus (ser paa Jens). Ja; — kanskje det. Det hev eg
ikkje tenkt paa.

Jens. Bror min fortalde meg, at ho ein Gong hev
havt ei Rid ... av Tunglynde.

Paulus (stilt). Ja, i den fyrste Tidi. Eg trudde det
var yvivunni no.

Jens. Ho er sterk og heil i sine Kjenslur, so faamælt
og still som ho der gjeng; ho kann ikkje dele deg
med nokon.

Paulus (laagmælt). Eg er stundom rædd — at ho ikkje
kann dele meg med Gud heller.

Jens. Under det sorn du kallar Gud trur ho lett
at det kann løyne seg eit Kvende.

(Stutt Togn. Paulus stend nedtyngd og tankefull.)

Paulus. Sagde ho noko til deg?

Jens. Ho hev ein Gong i denne Tidi . . . spurt
meg, um eg endaa kunde hava Bruk for henne —
heime paa Aase.

Paulus. Men kjære, kva er no det?

Jens. Eg trur ho hev sett seg i Hovude ... ein
stygg Tanke. (Paulus ser upp.) Ho trur det ikkje! —
men det kjem for henne stundom; og ho kann ikkje
faa det fraa seg. Eg fann henne i Dag i eit svært
urolegt Tilstand. Ho hadde ikkje sovi . . .

Paulus (bønlegt). Men kva er det, Jens? Kva trur ho?
Kva tenkjer ho?

Jens. Du maa ikkje undrast paa, at det som du no
hev gjort tryller henne.

Paulus. Men eg hev daa forklaara det for henne,
Jens!

Jens. Ho ser det paa sin Maate. Ho forstend det
ikkje. Det ser henne so altfor . . . utrulegt ut. Ho
kann ikkje koma ifraa ... ho trur der maa liggje eitkvart
løynt under.

Paulus. Men kjære, kva skulde det vera?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0321.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free