Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
310
LÆRAREN
Jens (smiler). Som du soleis no fær i Mannebot for
meg. — Den einaste eg fann var Carolus, som gjekk
her og slong; so bad eg han bera fram Bode.
Paulus. Han sa inginting.
Alt var godt med Helga? -— Stakkar; ho er so
snild. Kann ho ikkje sjaa um meg sjølv, so sender
ho meg Helsingar.
Jens. Ja ho held av deg.
Paulus (i Tankar). Kanskje meir enn ho skulde. Men
Gud vil hjelpe oss.
Jens (etter ei stutt Togn). Heilt frisk — er ho ikkje enno.
Paulus. Var der noko i Vegen?
Jens. Nei, nei; — eg meinte berre . . . (ser granskande
paa Pau lus under det som no kjem.) Ho dregst med . . . sjuklege
Tankar.
Paulus. Enno? ■— Meg segjer ho so lite um slike
Ting.
Jens. Naar ho ser deg, skjemmest ho vel av
Tankane sine. I det heile: du hev vori henne for sterk.
Ho er komi meir inn under di Magt, enn–-. Ho
var sterkare fyrr.
Seg meg ein Ting: kva var det for noko dette, at
ho med ein Gong plent vilde ha Evelinde til Hjelp
hjaa seg?
Paulus. Eg trur ho meintest hava ein Urett aa
gjera god att.
Jens. Mot Evelinde? So.
Paulus. Ja. I Sjukdoms Tider vert ho stundom
pint av underlege Mistankar og Mistruir, som du vel
veit–-
Jens. Aa; du tek det so. Hm.
Paulus. Stakkars Helga; ho hev havt mykje aa
stride med.
Jens. Du hev ikkje nokon Gong — vori tankelaus
i di Framferd mot — mot Systrane?
Paulus. Nei. (Tenkjer litegrand; rister paa Hovude.) Nei.
Jens. Du veit det vil gjerne laga seg — Sogur um
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>