Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
328
LÆRAREN
Paa Kvernhusheidi.
Kvelding. Himmelen skytung; ender og daa ein
Maane-glytt. Aa-sus.
Bakgrunnen: ei brun, vid Flate som taper seg i Skuming
og Kveld-dis.
Til høgre Hytta. Det lyser fraa dei tvo smaae Vindaugo; i
Fyrstningi døyvt, daa det enno ikkje er Avdag. Inngangsdøri
er inni Kulissen mot Bakgrunnen. Fram mot Forgrunnen, noko
til høgre, ein mosgrodd Stein, høveleg til Sæte.
Ein Mann kjem inn fraa Vinstre, helsar stilt Godkveld og
gjeng inn; strakst etter tvo Systrar.
Paulus og Gudleik gjeng att og fram paa Vollen utanfor
Vindaugo i still Samtale; stanar ofte.
Paulus (mager, ber Hovude boygt). Og no hev du vunni yvi,
Gudleik.
Gudleik. Ja Gud vere æveleg Lov og Takk, no
hev eg vunni yvi. (stanar; varmt.) Aa um De visste kor
glad eg er! og kor eg kunde takke Dykk i heile mitt
Liv! — Aa, aldri hadde eg drøymt, at det var slik
Sæle paa Jordi.
Paulus. Herren vere Lov, kjære Bror.
Gudleik. Det er so utrulegt, Paulus. Alt er
um-skift. So reint annarleis som alt ser ut! Og so mykje
annarleis som eg sjølv er! — So løyst og fri. Der
er ingin Ting eg kann ræddast. Ingin Ting som kann
naa meg, ingin Ting, som trengjer paa eller tyngjer;
eg er so lyft! so lett! — Endeleg forstend eg Orde
um Guds Børns herlege Fridom. Fridom, Paulus!
Eg forstend ikkje at eg hev kunna liva i 24 Aar og
ikkje vera fri. Ikkje vita kva Fridom var. Aa denne
forunderlege Kjensla!
Paulus. No berre halde stødt fram — den smale
Vegen. Som er so tung — og so lett. Vaka og beda!
— Du er ung, Gudleik.
Gudleik. Ja, Paulus. Eg er ung og hev langt fram.
Og eg kjenner kor lett det kunde vera aa bli . . . for
modig. Men du hev vist meg den Vegen som ikkje
kann føre villt, den Vegen som er uppstaka med Krossar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>