- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
332

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

332

LÆRAREN

Paulus (rister paa Hovude). Minst av alt gjeng eg no i
Giftetankar, Gudleik.

Men der kjem ho visst. Gakk inn, Gudleik; eg hev
Ting aa segja henne som ikkje er for deg — no.

(G u d le i k gjeng.)

(Det er myrkt. Ein kann berre sjaa Umrit. Maanen gløser tram og kjem
burt att.

Evelinde kjem hastande, ser ikkje Paulus; vil um Hyrna og inn.)

Paulus. Evelinde.

Evelinde (stansar; kjem nærare). Er det . . . Læraren?
Paulus. Ja. Venta; eg hev eit Ord aa segja deg.
Evelinde (bøygjer Hovude ; skjelv). Eg ventar.
Paulus. Eg maa tala ut med deg. Du hev svara
Gudleik Nei?

Evelinde. Eg trudde eg maatte.
Paulus. Kann du ikkje halde av han?
Evelinde. Gudleik er meg kjær.
Paulus. Men du . . . elskar ein annan?
Evelinde (med sviktande Mæle). De . . . hev vel set det.
Paulus. Evelinde; du er meg uendeleg kjær.
Kjærare enn eg visste. (Ho skjelv. Han gjeng fram og tek henne i Handi.)

— Vil du lyde meg?

Evelinde (kann knapt faa Ord fram). Ja.
Paulus. — — Du veit det sjølv, Evelinde: me tvo
maa vera . . . som Syster og Bror.

(Sterkare.) Ja, Evelinde; — du er rein som den kvite
Blom. Men eg hev Synd paa meg. Ho, den kjære,
som er burte, — ho tvila paa meg; og eg hadde Skuld;
for eg elska henne ikkje nok, og eg saag ikkje kor
saart ho leid og pintest. Og soleis vart eg Skuld i, at
ho maatte so tidleg og so syrgjeleg burt. Gud vil
forstaa henne og vera henne naadig.

— Du hev set og ser det sjølv, Evelinde, du
reinaste, du finaste millom Møyar, — du ser og forstend,
at med ei slik Skuld imillom OSS (strævande) . . « kunde
me aldri i Jesu Namn . . . liva som rette Ægtefolk.

— Du ser det?

(Evelinde nikkar Det gjeng Skjelvingar gjenom henne; Andlite hev ho

løynt.)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0342.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free