Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I.
EG hadde llvt som den burtkomne Sonen og var
som han komin i Naud; men daa eg som han
søkte heim att, var Faderen burte.
Eg gjekk til Prestane og sagde: „kjære, finne meg
att Faderen! for eg hev sett til mi Kraft og mi Von
og alt mitt Liv og maa døy; og han er den einaste
som kan hjelpe meg."
Og dei song sine Songar og mana med Bønir og
sterke Ord. Men Faderen saag eg ikkje.
Eg gjekk til dei vise og sagde: „kjære, finne meg
att Faderen! for eg hev spillt mitt Liv og er i Naud,
og er aaleine og rædd, og sjuk; og han er den einaste
som kann hjelpe meg."
Og dei røynde sin Visdom og sine Sjaa-glas, og
rekna seg gjenom Himlar og Heimar og ransaka
Stjerne-taakur og Avgrunnar. Men dei sagde: „Faderen er
burte, og me finn han ikkje."
Og ein av dei eldste sagde til meg: „Er du og ein
av deim, som leitar etter Faderen? Eg skal segja deg
ein Ting. Den som leitar finn, men ikkje det han
leitar etter.
Faderen er den, som Borni skapte i sitt Bilæte; og
dei gjorde han stor, og sette han upp for seg til ei
Trøyst og ei Hjelp; for dei var smaae og kunde ikkje
vera faderlause.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>