Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
338
DEN BURTKOMNE FADEREN
Men naar dei vert større, og er ufornøgde med
Heims-stelle, og ikkje fær Hjelp naar dei bed, og ikkje
Svar naar dei spyrr, daa gjeng dei paa Leit etter
Faderen og finn seg sjølve."
Eg gjekk til deim som ser Synir og hev Draumar
og manar Aandir og granskar dulde Ting; og eg sagde:
„Kann dé vise meg Faderen?"
Men dei viste meg Skuggar. Og Skuggane svara
paa det som eg ikkje spurde um.
Daa vart eg leid og leita ikkje lenger.
II.
Men daa eg var aaleine i det framande Lande, og
alt hadde svikta og Hugen vart uroleg og Dauden
banka paa, tenkte eg: um Faderen er burte, so vil eg
sjaa att Barneheimen. Eg vil finne mine eigne; og
dei vil høyre paa meg og tilgjeva meg. Og hjaa deim
vil eg finne ei Livd. Men dei som ikkje kann høyre
meg lenger, — ved Gravi deira vil eg gjera Bot, og
tigge meg Tilgjeving. Og heime, hjaa mine eigne, vil
eg døy, og samlast til mine Fedrar.
Eg gjorde i Pengar det eg enno aatte, og drog heim.
Men daa eg kom fram var Heimen seld og Ætti spreidd;
og Bror min sat som ein Farre paa ei Heid, og dei
sagde han var galin. For han hadde selt alt det han
aatte og gjevi det til dei fatige.
Daa saag eg at eg var aaleine; og eg hadde ein
vond Dag.
Eg gjekk til Bror min og sagde han mi Meining;
so leigde eg meg inn hjaa ein framand Mann, til aa
bu der. For no vilde eg ikkje flakke lenger.
Og eg sagde med meg sjølv: her vil eg døy.
Eg hev vandra gjenom Live. Eg hev vorti gamall
men ikkje vis; eg var rik men hev vorti arm, og no
er eg heimkomin men ikkje heime. Men endaa vinn
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>