- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
363

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

DEN BURTKOMNE FADEREN

363

kar Trælar naar dei treng Trælar; sparkar deim sidan
ut. Og Trælane maa vera glade so lengi dei tenar so
mykje at dei nettupp kann liva.

No tek Arbeidarane til aa skyna at dei maa halde
ihop. Og held dei godt ihop, baade imot Herrane og
imot den Flokken som gjeng og svelt, so kann dei
halde Lønine rett godt uppe — i gode Tidir. Men di
større Arbeidslønir, di fyrr kjem det Nedgangstidir og
Arbeidsstansing. Og no lærer Herrane paa sin Kant
aa halde ihop.

Det ser uhuglegt ut stundom: spøkjer for nye
Revolusjonar. Men Magti er paa Pengesida. Sosialistar
og Anarkistar kann hava Krut og Dynamit; men det
kristelege Samfund hev meir Krut og Dynamit, og
dertil Folk som er upplærde til aa bruka Krut og Dynamit;
med eit Par Kanonar kann dei paa ein halv Times
Tid gjera dei største Arbeidarbyar til Lapskaus.

No er ein ny Tanke uppkomin. Og uppkomin i
Amerika; kann daa ikkje vera berre Draum. Lat
Folke faa att Jordi! segjer Amerikanaren. Lat det
faa Rett yvi Jordi, so ingin kann taka ho fraa det att!
Daa vil Folke klara seg, og Pengemannen og Samfunde
med. Og Revolusjon tarvst det ikkje. Folke vil faa
att Jordi, naar det vert lagt ein so vidt stor Skatt paa
ho at det ikkje løner seg aa sitja med meir Jord enn
ein kann brüka; det som hev for mykje vil daa selja,
so alle etterkvart kann faa det dei treng.

Det er godt ut-tenkt. Og vil hjelpe. Til dess Gud
Money hev funni seg nye Utvegar.

Rettferd er ein Smaafolk-Tanke. I Verdi riv kvar
til seg det kvar kann faa i og den som inkje fær i,
han svelt; det er som i Dyreskogen.

Berre ei Rettferds-Lov finst det paa Jordi: den at
alle maa døy. Og me fær trøyste oss med, at um
ein døyr av for mykje eller for lite Mat, so vert det
noko-so-nær det same.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0375.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free