Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
384
DEN BURTKOA1NE FADEREN
der er noko i Augo hans, og um Panna, og i dei
sterke faste Drag, som sagde meg at han hev ofra Live.
Og han vart noko nytt for meg. Noko høgtidsamt.
Ein Mann fraa ei større Tid; eit Menneskje som liver
Live paa Aalvor.
XXXIX.
„Ja," segjer Bror min, „sann er den gamle Tanken
at Jordi er Helheimen.
Her brenn Elden som ikkje sloknar; her gneg Ormen
som aldri døyr. Men Elden heiter Hät; og Namne
paa Ormen er Hugverk.
Sjølve er me Sjæline som brenn. Den blaae Logen
stend av oss i vonde Gjerningar og ut or Halsen paa
oss i Eidar og vonde Ord.
Og sjølve er me Djevlane som piner. Ved ber me
kvar til annans Baal. Og me klyper kvarandre med
gloande Tengar. Og svider kvarandre med Jarni raude.
Og Gneistar fræser me i Syni paa kvarandre, og
sputtar Eiter.
Men sant er det og, at Jordi er Guds Rike. Faae
finn det; for Vegen er smal og Porten trong. Og
upp-yvi Døri lyser Krossen med Innskrift av Eld: ver
lydig til Dauden. Men dei som finn det, kjenner det.
Og dei segjer: for den Sæla Skuld som me her fann,
var Verdi ikkje for mykje paakosta.
Men mange naar korkje Himil eller Hel. For desse
er Jordi ein Huldreheim. Der liver dei paa Mysar og
Frosk og vert feite, og sankar Smaastein og Myk og
trur det er Gull. Og dei bind seg Kransar av visna
Lauv og skjer seg Stavar av morkin Ved, og klunkar
paa Tarmstrengir og dansar og syng: stor er vaar Magt;
me raar Jordi.
Sæle er desse Huldrefolk. Dei er fornøgde med
Haugen sin og det som der er; og dei ét og drikk og
elskar og spélar seg, og lær aat oss som tek Live
tungt og vil inn i Himilen eller Helvite."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>