- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
396

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

396

DEN BURTKOA1NE FADEREN

deg, at Meistaren kom kje med ei Lære som du skal
tru, men med ein Lov som du skal fylgje? Og fylgjer
du den, fær du sjaa um ho er av Gud, og fær Trui
attpaa."

„Skal eg elske Gud, so maa eg tru paa Gud,"
meiner eg.

„Elske Gud er aa halde hans Lov. Eiskar du Bror
din som du ser, so elskar du og Gud, som du ikkje
ser. Og etter kvart vert du synsk og ser Gud. Men
elske Næsten er aa hjelpe Næsten. Og min Næste
er den som treng mi Hjelp. Gamle Foreldrar, sjuke
Systken; han som ligg for mi Dør; han som eg finn
hjelpelaus paa min Veg."

Han lo. „Seinast skynar me det lettaste; sist finn
me det næraste. Og fyrr me vil elske vaar Næste,
fyrr vil me elske deim me aldri saag. Dei kristne
elskar Hottentottane, og dei som vil vera betre enn
dei Kristne elskar Framtidi; men Lasarus ligg der han
ligg. Det er kje noko Stas med Lasarus. Og Lasarus
hev fortent si Naud; me kjenner Lasarus. Men
nettupp det som ligg oss næst, og som der er minst Stas
med, gjeld det um."

Eg segjer: „dette er ein Kristindom for unge og
sterke. Men kva Raad hev du for ein gamall Mann
som skal døy?"

„Umvend deg, og du skal liva."

„Kva godt kann eg gjera?"

„Du kann tilgjeva."

Eg tenkte: kven bryr seg um mi Tilgjeving. Men
eg rette ut Handi og sagde: „deg tilgjev eg, Bror."

Han tok Handi fast og varmt. „Takk, Bror," sagde
han; „du veit kje kor godt du gjorde imot meg no."
Eg saag, at han vart vaat i Augo.

Og sæle er me baae tvo, at me hev vorti forlikte.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0408.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free