Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
DEN BURTKOMNE FADEREN 395
XLIX.
Eg spyrr han um han finn Samanheng i Skriftine.
Han svarar:
„Ikkje ein Fiiosofi lærde Meistaren oss, men ein
Livskunst. Han kom ikkje med Nytt til dei forvitne,
men med Lækjedom til dei sjuke; og han stifta ikkje
ei Sekt, men viste oss ein Veg. Den Vegen er greid
naar ein vil finne Veg; men vil du finne ei
Lære-bygning maa du laga ho sjølv, liksom Teologane.
Lat Munkane slaast um Gjerningar og Tru! Me
held oss til Meistaren, og gjer som han gjorde. Lat
Drøymarar tviste um Himil og Hel! Me byggjer Guds
Rike av Kjærleik og Fred; og Helvite sløkkjer me so
langt me rekk med fredsame Ord og hjelpande Hendar.
Lat Svarmarar og Leigesveinar preike Serlag og
Av-stengjing og den rette Tru! Den rette Tru avlar Håt
og Mord; det rette Liv byggjer Guds Rike.
Men dei ovundsame, dei som elskar Verdi og friar
og fær nei, lat deim preike Håt til Verdi! Løyste og
lyfte yvi Verdi og alle hennar Vinningar og Tap skal
me stande, og soleis frigjorde fraa Verdi elske Verdi,
som ei Gaave og ein Rikdom til aa gjera vel med, og
eit Yrkje til aa byggje av, byggje oss Fredheimar og
Høgheimar. Og sjølve Live vaart skal me leggje i den
høgste Hand, at me ikkje lenger skal vera bundne av
Rædsle for Dauden.
Men vaar Kraft hev me i Gud, som er det innste i
oss sjølve, Sjæli i vaar Sjæl, Domaren, som alltid hev
vaart Helvite kveikt for det ureine i oss, og Faderen,
som held Høgtid og Helg, so snart me vinn oss upp
paa vaare Heime Høgdir."
L.
„Alltid masar du med, at du ikkje kann tru. Kven
er som bed deg um aa tru? Kor lengi skal eg segja
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>