Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
398
DEN BURTKOA1NE FADEREN
Det er ærlegt aa halde Bank. Og den andre var
verre Blodsugar enn eg. Men Tunga stivnar naar dei
Minni kjem, og eg kann ikkje faa sagt det.
Ein kann ikkje faa skrifte for seg„sjølv. Ein hev kje
Mod til aa sjaa seg i Augo og segje heile Sanningi.
Det er som ein Operation. Ein orkar ikkje aa vera
aaleine med seg sjølv, naar ein skal leggje si Sjæl opi.
Ein annan skynar halvkvedne Visur, og gissar, og
ser kva ein meiner og vil hava fram, av Mæle og
Minespél og Augnelag; og ein tarv ikkje segja dei siste
pinefulle Ordi. Og han hev eit mildt Auga og eit
lempande Ord, naar han ser at ein vert rædd; og han
segjer Ting som ein sjølv ikkje kjem paa, og som kann
lette og lindre. Og berre det at han sit roleg og held
ut, og ikkje rømer som for noko stygt, er der Hjelp i.
Ein Dag naar eg er sterk vil eg tala med Paal.
Han hev fortalt meg sitt Liv; og englerein er han mot
meg; men so mykje hev han røynt Verdi, at han kann
skyna meg. Og han dømer ikkje strengt utan um
seg sjølv.
Det vilde lette so godt. Og eg fekk sova betre um
Nætane.
Lin.
Eg fekk fortelja Bror min alt. Og ei tung Byrd er
teki av meg.
Signing yvi eit godt Menneskje! Ingin veit kva eit
godt Menneskje er utan den som lid Naud. Men han
veit det; og han skal vitne paa Domedag.
Sæl den som hev det sonande Ord og den hjelpande
Hand! I honom vandrar den heilage sjølv um paa
Jordi enno og all Tid.
Og Siger og Fred samlar seg um hans Hovud; og
han skal ikkje smake Rædsla, men gange inn i det
ukjende som i ein ljos Draum.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>