- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
399

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

DEN BURTKOMNE FADEREN

399

Amen. Alle Guds heilage vitnar dette ; og dei som
lid, sannar med: ja, ja! Signing yvi den som kjem i
Herrens Namn; Helg i Hogheimen yvi den hjelpsame!

Men dømd er den som fører vondt yvi eit
Menneskje, eller piner det, eller brenner det i Sjæli med
Vanvyrdnad og vonde Ord, eller ser Fall og Naud og
ikkje rettar ut ei Hand, at han kunde gjera
Uppreis-ning. Dømd er han, og ein utestengd; og Rædsla skal
vera yvi han; og naar han kjem paa den vonde Dagen
og bed um Fred, finn han kalde Augo og ingin som
kjenner han.

Dette er min Dom. Eg ser det og skynar det og
bøygjer meg for Domen og tek mi Straff; for i Refsing
er Soning naar ein tek ho for Refsing, og ber ho som
Bot, fast og friviljugt.

Men dei som var mine Djevlar og pinte meg tilgjev
eg; for mot meg gjorde dei det dei skulde. Og deira
Synd er deira Sak. Eg skriv til deim eg kann naa,
og gjer Fred; for daa eg sagde Sanningi: at eg hatar
deim, svara Bror min: „du skal endaa tilgjeva deim;
for naar du hev gjort vel mot din Fiende, hatar du
han ikkje lenger."

Men dei eg hev synda imot og ikkje lenger kann
naa, paa deira Vegnir tilgjev Bror min meg i Guds
Namn, so sant som eg sjølv tilgjev, og so sant som eg
viljugt ber mi Refsing.

Og den store Tyngdi sig av meg; eg andar friare.

Og no kjem Vaaren med Sol og linn Luft. Og alt
Liv vaknar. Eg fær Mod og vert glad. No, daa eg
hev funni ein god Bror, hev eg meir aa staa imot med.

Kunde eg faa liva nokre Aar til, og liva eit nytt
Liv, so trur eg enno eg kunde finne Faderen.

27 — Garborg. IV.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0411.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free