Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I.
DET som heretter kjem er mest teki or Uppskriftir
etter Haavard Haatun, ein Bonde som i yngre
Aar var Skulemeistar. Um Grunnen til at han skreiv
segjer han i eit Etterord:
–-„Det er med Folk flest som med Katolikane:
dei held seg til Presten. Og kva skulde dei elles
gjera ?
Me som vinn eit Grand lenger, kann stundom koma
til aa „tenkje", undrast paa, „um desse Ting hev seg
soleis". Men det er sjeldan me kjem nokon Veg.
„Tenkje" er ikkje greidt; og Rettleiding finst det lite av.
For meg var det serskilt vrangt, med di at
Spurs-maali kom so seint upp; eg var alt „utlærd"; var
jamvel Lærar for andre; kunde daa ikkje vedgaa at eg
trong Rettleiding sjølv. Og kven skulde eg faa
Rettleiding av ? Spurde eg Presten, so vilde han segja
at eg maatte ikkje vera Lærar naar eg enno var
Læregut; og til det vilde eg inkje kunna svara. Men Bøkar
som kunde hjelpe meg visste eg ikkje aa faa Tak i;
og Prestar og Preikarar som eg høyrde syntest vera
um Lag like vise som eg.
Eg freista med Nytestamente; men det var helst gali
gjort. Spursmaali vart berre vaknare; og di vaknare
dei vart, di meir las eg og di verre vart det.
Stundom var det som Testamente sagde seg sjølv imot;
den eine Evangelisten og Apostelen var usams med
den andre. Eg lagde det burt; men fekk ikkje Fred
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>