Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
406
HEIMKOAIIN SON
og tok det att; lika meg slettikkje. I Skulen stod eg
tidt og traatt og fortalde Borni Ting som eg sjølv trudde
berre so maateleg.
Daa var det at eg fann paa aa gaa i Kvernhusheidi.
Det skulde vera Evangelie han heldt seg til, han Paal;
og kven som vilde kunde vera med i Sundagsstundine
hans; kannhende ein der kunde faa Greide paa eitt
og anna.
Han skulde vera Ranglærar. Men han heldt seg
til Jesus, sagde dei; og gjorde han det, so skulde eg
vera forvitin paa, köss han greidde dei andre. Ja det
skulde vera snodigt aa høyre um han fekk Jesus sjølv
til aa bange ihop. Lat gaa, tenkte eg; det er ein
Freistnad; gjeng det ikkje, so er det ikkje meir; eg
gav meg til aa gaa i Kvernhusheidi.
Til Folk som spurde kva ein Skulemeistar kunde
hava der aa gjera sagde eg, at eg vilde sjaa um eg
kunde faa Greide paa den Mannen. Det same sagde
eg til Kapellanen — han som er her, naar Presten er
paa Storthinge —, daa han tok til aa spyrja etter. Og
eg gjorde meg kaut: „det maa vera Raad aa faa Greide
paa han Paal," lét eg um, „naar ein fer smaatt og
gjev seg Stundir". (Smaalygnir fær ein Tenar ikkje
vera rædd.)
Kapellanen vara meg aat; men i Grunnen lika han
at eg lagde meg paa Lur etter Paal; denne
Ranglæraren som ingin fær Tak paa, og som er so vidt
Teolog at ein vanleg Prestemann ikkje letteleg set han
fast, er dei i Beit med, Kyrkjeherrane. Eg skyna at
dette var eit Høve som eg fekk nytte ut. „Sjølvsagt
skal eg fara varlegt," sagde eg, „ikkje minst for
Skulekrinsen si Skuld." Kapellanen bad meg agte meg,
men sagde ikkje meir; eg heldt daa paa og gjekk i
Kvernhusheidi.
Men eg tok det ,,i Ridir og Rykkjetak", so Folke i
Krinsen ikkje skulde bli rædde. Det er ikkje greidt
for Folke; det hev Borni aa tenkje paa; og Konfirma-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>