- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
407

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

41 1

sjonen; og Vaarherre, og mykje og mangt; Andsvar
er der til alle Kantar; det var beintfram min Skyldnad
aa vera vår. Til dess eg var ute av Klemba daa; —
um den Dagen kunde koma. — ■—

Av det eg høyrde skreiv eg upp det eg hugsa eg
vilde sjaa um der var Samanheng. At eg hev gløgt
Minne kom daa vel med; ein hugsar elles alitid godt
det Paal segjer. — Uppskriftine kom etterkvart innpaa
ymist anna av det eg i seinare Tidir hev vori upp-i
eller tenkt paa; det hev mest vorti som ei Dagbok,
dette. Men eg læt deim liggje; dei inneheld eitt og

anna som det kann vera Moro aa sjaa att."–

*



Tekst: Den burtkomne Sonen.

— — Som i ei Profetsyn stig her den Dagen fram,
daa Israel og Heidningheimen skal møtast i Faderhuse.

Og sjølve Jesu Evangelium stig fram : Gud er ikkje
Herre men Far; me er ikkje Trælar men Born; Verdi
er ikkje Fangehus men Heim; alt er nytt vorti.

Den burtkomne Sonen hev øydt sin Arv; han liver
med Svinom til Slutt; hev ingin og inkje aa halde seg
til. Men tenkjer han seg um og fer heim att, so kjem
han heim meir enn han torde tru; Faderen er berre
glad naar han ser den burtkomne. Ikkje eit leidt Ord
nev han til denne Sonen som vildra seg so burt; han
tek imot den heimkomne med opne Armar, slagtar
Gjødkalven og held Gilde, og der er Glede og Spél
og Dans. Og til Eldste-Bror som knurrar segjer
Faderen: du hev alltid vori gild Kar, og alt mitt er ditt;
men naar den burtkomne kjem heim att, so skal me
vera glade.

Dette er den Faderen Jesus forkynte, Faderen fraa

1 Det som her turvtest er medteki i Samandrag.

Bokmeistaren.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0419.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free