Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
41 1
Vinne Live er aa vinne Rom i Gudsrike, der alt
vondt er yvivunni og fyrst og fremst Dauden; ævelegt
Liv og Guds Rike er tvo Ord for den same Ting.
Til dette Spursmaale svarar Jesus: naar det store
Gudsrike kjem veit ingin utan Faderen aaleine. Men
det Gudsrike som det gjeld um for baade sidan og no,
det vinn kvart Menneskje naar det sjølv vil; for det er
innantil i oss.
Den som hev Gudsviljen livande i seg, han er i
Guds Rike. Og di fleire det er som gjenomfører
Guds-viljen, di fleire det er som gjer Broderlovi til Liv, di
nærare kjem og det store Gudsrike. Me skal daa ikkje
gaa og spyrja etter det; me skal liva det fram; daa
kjem det; daa er det komi.
Denne Grunnlovi: du skal gjera Guds Vilje, er fleire
Gongir uppskrivi, liksom til framifraa Trygd. Men
endaa hev me gløymt ho.
Me skynar ho ikkje. Det er hard Tale; kven kann
høyre honom? Og dei Skriftlærde vitnar fraa alle
Preikestolar: me kann ikkje halde Bodi.
Eg sjølv — heldt Paal fram — gjekk i mange Aar
og trudde paa dei Skriftlærde. Og eg vart sjølv ein
Skriftlærd, og tala som dei. Daa me ikkje kann halde
Bodi, sagde eg, so bryt me deim; men me skal angre
at me bryt deim; kvar Kveld skal du angre at du kvar
Dag bryt deim; daa vinn du ævelegt Liv. For ikkje
Lovi gjeld det um, men Angeren.
Men den Dagen kom, daa eg vart utrygg paa min
Visdom; eg gjekk til Meistaren paa nytt Lag. Og
spurde paa nytt: korleis vinn eg ævelegt Liv. Han
svara som fyrr: hald Bodi.
Eg sukka og sagde: eg kann ikkje, Herre. Han saag
paa meg og svara: du vil ikkje, Bror min. Der stod
eg raadlaus; eg trudde ikkje Meistaren.
Daa kom det ein vaagall Tanke: enn um du trudde
likevel? Hev nokre Galilæa-Fiskarar kunna gjera Guds
Vilje, so kann vel du au; um du freista aa vilja?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>