- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
418

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

418

HEIMK0A1IN SON

Me tek det paa same Maaten.

Mangt kann vera aa segja paa vaare Tempel au.
Men Tekstane er Jesu Ord; og Tolkingane hev so mykje
av honom som vaare Skriftlærde hev kunna vinne seg
fram til.

Og me skal ikkje skilja oss ut. Verdi trur gjerne
at utskilde er utvalde; og Serkyrkjur og Serflokkar
lagar seg rett som det er. Men so skal det ikkje vera
millom oss. I ytre Ting er me som andre. Berre i
vaart Liv skil me oss ut, naar so maa vera: me læt
vaart Ljos skine, so Folk ser vaare gode Gjerningar.

Tekst: Naar Menneskjesonen kjem i sin Herlegdom . . .

— — Eit Bilæte av Domen gjev Meistaren her, i
si siste Tale hjaa Mattæus.

Berre ein Ting vil Menneskjesonen spyrja um paa den
Dagen: hjelpte du den som du saag trong Hjelp?
Men i dette eine ligg alt. Den som hjelper Næsten
naar han er i Naud, han viser dermed at han elskar
sin Næste; og den som elskar Næsten gjer Guds Vilje
og viser dermed at han er Barn av Faderen. Ja
Domaren segjer: det at du hjelpte din Næste naar han
var i Naud, det vert rekna som du hadde hjelpt
Menneskjesonen sjølv; han helsar deg daa velkomin i
sitt Rike.

Men den som saag sin Næste i Naud og ikkje hjelpte;
saag ein Bror svoltin, tyrst, framand, nakin, i
Fangehus, og var like sæl, han vert utan Naade burtvist.

Det vert ikkje spurt um anna enn dette i Domen,
segjer han som døme skal. Hev du stelt deg rett mot
Bror din? Etter det aaleine vil Domen falle.

Lat oss ikkje gløyme det!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0430.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free